Menn som har gjeve oss håp i 2020

Me feirar den internasjonale mannsdagen 19. november ved å løfte eit knippe ekstra inspirerande menn.

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 25.11.2020 14:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Marcus Rashford (23)

For mange er Marcus Rashford (23) best kjend frå fotballbana, ikledd raud drakt med ein liten djevel på brystet og 10 på ryggen, men i koronapandemien har han vist seg som ein mann med hjarte for dei dårlegare stilte. 

Manchester United-spelar Marcus Rashford under ein kamp i november 2020. (Paul Ellis/Pool via AP)

Då koronapandemien braut ut og skulane i Storbritannia vart stengde, valde dei britiske styresmaktene å ikkje vidareføre tiltaket som gjev barn frå låginntektsfamiliar rett på gratis skulemat over sommarferien.

Då tok Marcus Rashford saka i eigne hender.

Han har sjølv vakse opp i ein familie som sleit med å få endane til å møtast, og skreiv difor eit brev til regjeringa og starta ein kampanje for å sikre at ingen barn i landet skulle gå svoltne.

Regjeringa vart tvinga til å snu, slik at kring 1,3 millionar engelske barn fekk gratis skulemat også i sommarferien.

I oktober var det igjen tid for ein ny skuleferie, og heller ikkje då ville regjeringa vidareføre skulemat-kupongane for elevar med dårleg råd.

Då brukte Marcus Rashford kjendisstatusen sin for alt den var verd og oppmoda kaféar og restaurantar over heile Storbritannia til å tilby gratis lunsj for vanskelegstilte born.

Lokale bedrifter tok ansvar, og plutseleg var heile Twitter-straumen til Rashford full av bedrifter som ville donere lunsj til borna.

Marcus Rashford har vorte hylla for innsatsen.

I juli vart han den yngste mottakaren av ei æresdoktorgrad frå Universitetet i Manchester og i oktober vart tildelt æresutmerkinga MBE av dronning Elisabeth II for kampen mot barnefattigdom i koronapandemien.

Tom Moore (100)

Kaptein Tom Moore etter at han mottok The Yorkshire Regiment-medaljen og vart utpeikt som æresoberst, på 100-årsdagen i april 2020. (Cpl Robert Weidemane/MoD, Crown Copyright via AP)

Då koronapandemien braut ut bestemte den 99 år gamle krigsveteranen Tom Moore seg for at han ville gjere noko for å støtte den offentlege helsetenesta i landet (NHS).

Han sette seg difor eit mål om å gå 100 rundar i hagen sin før han rakk å fylle 100 år.

Medan Moore traska rundt og rundt, rann pengane inn frå folk som vart inspirerte av innsatsen.

Målet hans var beskjedne 1000 britiske pund, men krigsveteranen samla inn svimlande 32,8 millionar britiske pund! Det er nesten 400 millionar i norske kroner. Slikt vert ein jammen rørt av.

I juli vart han gjort til riddar av dronning Elizabeth.

Joe Biden (77)

Mykje kan nok seiast om den komande presidenten i USA, men ein ting er i alle fall sikkert: Joe Biden er ikkje Donald Trump.

Påtroppande president Joe Biden under ein tale i november 2020. (AP Photo/Andrew Harnik)

Då det vart klart at Biden skal ta over som president i januar (og med Kamala Harris som visepresident) var det nok mange verda rundt som slapp ut eit letta sukk.

Politisk kommentator i CNN Van Jones byrja å gråte då det var klart at Biden hadde vunne, og sa mellom anna:

– Det er lettare å vere forelder i dag. Det er lettare å vere ein far, lettare å fortelje ungane sine at karakter betyr noko. Det betyr noko. Å fortelje sanninga betyr noko, å vere ein god person betyr noko.

Også verdsleiarar har vist lette over at Biden no tek over det mektigaste vervet i verda, i håp om at ting blir litt meir stabilt og i glede over at dette også betyr at USA får sin første kvinnelege visepresident.

Det var over 70 millionar amerikanarar som stemte på Trump, men Biden har lova at han skal vere ein samlande president for alle – ikkje berre for dei som stemte på han.

Mennene som kuppa #ProudBoys

Den høgreekstreme gruppa Proud Boys har fått si tid i rampelyset gjennom Donald Trump, men i haust vart dei møtt med kjærleiksaktivisme. 

Til og med dei kanadiske styrkane i USA kasta seg på bølgja, der homofile menn freista å ta emneknaggen #ProudBoys attende frå dei høgreekstreme:

Proud Boys ei mannegruppe som kjempar for stengte grenser og retten til å bera våpen. Dei hevdar sjølv dei er mot rasisme og ikkje dømmer på bakgrunn av legning, likevel er dei mot det dei omtalar som politisk korrektheit, «rase-skam» og har det å æra husmora som ein av sine kjerne verdiar.

Dei vart særleg aktuelle etter ei TV-sending der Trump ba dei stå klare, og ikkje tok avstand frå gruppa. Allereie dagen etter var han ute i media og nekta for at han visste kven Proud Boys var og ba dei om å tre tilbake.

Internett rakk likevel å svara på merksemda gruppa fekk med å ta tilbake emneknaggen og dele masse skeiv kjærleik med #ProudBoys.

Harry Styles (26)

Artist Harry Styles (26) vart i haust historisk som første mannlege cover-person på motebladet Vogue.

Han stilte opp i kjole og har fått mykje ros, men også kritikk for det.

Den konservative kommentatoren Candace Owens var blant dei som heiv seg på tastaturet mot Styles. Ho meiner at ikkje noko samfunn kan overleve utan sterke menn, og at menn i vårt samfunn vert stadig meir feminisert.

– Det er eit direkte åtak. Få tilbake mannlege menn, avslutta ho i Twitter-innlegget.

Skodespelar Zach Braff var blant dei som rosa Styles:

https://twitter.com/zachbraff/status/1328417293827641345

Sjølv skal Styles ha sagt til Vogue at han er inspirert av Prince, Elton John og David Bowie som alle har eit frigjort og leikande forhold til klede og mote.

– Når du set opp sperrer i ditt eige liv, set du berre grenser for deg sjølv. Det er så mykje glede å få ut av å leike med klede. Eg har aldri tenkt så mykje på kva det betyr, det berre blir endå ein del av det å skapa noko.

David Attenborough (94)

Programleiar og naturhistorikaren som har vore med oss i generasjonar, vart nok ein gong aktuell i år.

Som 94-åring kom han seg på Instagram og sprengde alle rekordar med å bli den som raskast har fått over 1 million følgjarar.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av A Life On Our Planet (@davidattenborough)

Ikkje minst vart han aktuell med den nye Netflix-filmen A life on our planet, som både har fått folk til å gråte av korleis planeten har fått det verre gjennom heile karriera hans, men også gjeve litt håp om at det er mogleg å snu.

I over 60 år har han vore dedikert til dyreliv og miljøsaka. Han har sett lys på klimakrisa, økologiske utfordringar og miljøkriser.

Herman Flesvig (28)

Herman Flesvig har blitt ein kjend og folkekjær komikar, med podkasten Friminutt med Mikkel Niva og med NRK-serien Førstegangstjeneste.

Men han har òg vist ei sårare side, og fått ros for å normalisere det å vise kjensler som mann.

Herman Flesvig under premieren av Rutete Ninja, der han har 113 av stemmene. Foto: Terje Bendiksby / NTB

I 2018 gjesta han podkasten «Anger», med Sivert Moe som programleiar, og snakka ope om kjærleikssorg og kor tøft det kan vere.

I 2019 fortalde han ope om det å få vekse opp med ADHD utan å vite det og føle seg dum, og korleis diagnosen både var god å få, men også framleis berer med seg mykje stigma.

På tur med Lars Monsen fekk han skryt for at han var audmjuk om at han ikkje tek det å få barn for gitt, og at han ope fortalde om eit ynskje om å få barn som han har hatt sidan han var 16 år.

No er han aktuell i Mental Helse Ungdom sin nye Youtube-serie, Psykt normalt, der han snakkar om oppveksten, kva som er pinleg, kjensler og anna.

Nathan Law (27)

27 år gamle Nathan Law er politikar og demokrati-aktivist og stod mellom anna i leiinga under opprøret «Umbrella Movement» blant unge i Hongkong i 2014. Dei har kjempa mot Beijing sitt sterke styre over Hongkong og eit ønske om eit meir ope og fritt samfunn.

Aktivist Nathan Law under ein protest då utanriksministeren i Kina var i Berlin, Tyskland, i september 2020. (AP Photo/Markus Schreiber,file)

Han stifta eit nytt parti etter protestane: Demosistō, som kjempa for sjølvråderett for Hongkong også framover. Berre 23 år gamal vart han i 2016 innvald i den lovgivande forsamlinga i Hongkong. Han vart raskt diskvalifisert som medlem, fordi han brukte embets-eiden som proteststad.

I 2017 vart han fengsla i nokre månadar på grunn av protesten i 2014.

Han var også inkludert i Time Magazine si liste over dei 100 mest innflytelsesrike personane i 2020, og vann lesaravstemminga.

Etter den nye tryggleikslova for Hongkong vart vedteke av Kina i juni 2020, fortalde han at han ville flytte til London i frykt for eigen tryggleik.

Felipe Neto (32)

Youtube-ar Felipe Neto. Foto: Wikipedia

Med sine 39 millionar Youtube-følgjarar og 12 millionar Twitter-følgjarar, er Felipe Neto (32) ein av dei største digitale påverkarane i Brasil.

Denne makta har han den siste tida brukt til å også løfte politiske tema og skapa engasjement blant unge, etter at Jair Bolsonaro vart president i landet i 2018. Han har risikert både popularitet og tryggleik, og er no ein av dei sterkaste, kritiske røstene mot Bolsonaro.

I mai såg millionar videoen hans der han fordømte dei som ikkje stod opp mot Bolsonaro sin autoritære styrestil, og i juli kritiserte han Bolsonaro for å vere ein av dei mest mislukka leiarane under handteringa av koronakrisa.

Bolsonaro-familien har fleire gonger svara på utspela frå Neto.

Ibram X. Kendi (38)

Dette året har verkeleg vore eit år der antirasismen har kome ekstra godt fram. Særleg Black Lives Matter-rørsla og demonstrasjonane i ei rekke land, har sett fokus på rasisme som problem for heile verda.

Ein viktig ressurs, har vore Ibram X. Kendi.

Ibram X. Kendi, forfattar av Antiracist Baby. Foto: Jeff Watts/American University via AP

Kendi har skrive fleire bøker der han tek oss gjennom historia og viser korleis svarte alltid har måtte kjempa for eigne rettar, og har gjort det enklare for både barn og vaksne å forstå eiga historie og sjå den strukturelle rasismen.

Han har formidla borgarrettsrørsla til eit breitt publikum, i tillegg til å peike på konkrete og moglege grep alle kan ta for å kjempe mot rasismen og bli ein anti-rasist.

Visste du at lydbokversjonen av Kendi-boka Stamped from the Beginning, om rasistiske idear i USA, ligg gratis på Spotify?


19. november vert Den internasjonale mannsdagen markert verda over. Historieprofessor Dr. Jerome Teelucksingh frå Trinidad og Tobago får æra for å ha restarta tradisjonen i 1999. Illustrasjonsfoto: Matheus Ferrero, Unsplash.com