Homofile menn kuppa emneknaggen #ProudBoys frå høgreekstreme

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tysdag førre veke skapte president Donald Trump overskrifter då han ikkje tok tydeleg avstand frå høgreekstreme grupper i ein tv-sendt debatt.

– Proud Boys, stand back and stand by, sa presidenten.

Proud Boys-leiar: – This makes me so happy

Meldinga om å tre til side, men stå klare har fått mykje motbør både blant Trump sine eigne og hans meiningsmotstandarar.

Dei einaste som gledde seg var den høgreekstreme gruppa Proud Boys, som ifølgje amerikanske medier tolka utsegnet som ei støtteerklæring.

Forbes skriv at Proud Boys-leiar Joe Biggs skreiv på appen Parlor at: «Trump basically said to go fuck them up! this makes me so happy.»

Men allereie dagen etter var Trump ute i media og nekta for at han visste kven Proud Boys var og ba dei om å tre tilbake.

#ProudBoys tek over Twitter

Proud Boys har ikkje vore på Twitter sidan kontoen deira vart stengt i 2018. Allereie då registrerte regnbogefarga Proud Boys USA seg for å ta tilbake namnet.

Og no får dei hjelp av homofile menn verda over til å ta tilbake emneknaggen #ProudBoys.

Til og med dei kanadiske styrkane i USA kasta seg på bølgja:

Proud Boys ei mannegruppe som kjempar for stengte grenser og retten til å bera våpen. Ifølgje seg sjølv er dei mot rasisme og dømmer ikkje på bakgrunn av legning.

Likevel er dei mot det dei omtalar som politisk korrektheit, «rase-skam» og har det å æra husmora som ein av sine kjerne verdiar.

No brukar mange emneknaggen til å hylla sine ektemenn på Twitter, som Star Trek-skodespelar George Takei:

 

Internettaktivismen minner ein heil del om då kpop-fansen tidlegare i sommar tok til Twitter for å drukne den rasistiske emneknaggen #WhiteLivesMatter på Twitter.