David Attenborough slo Instagram-rekord

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har vore på radio og tv dei siste 60 åra, men dette er min første gong på Instagram.

Det seier 94 år gamle Sir David Attenborough i sin Instagram-debut førre veke.

Éin million på under 5 timar

Under fem timar etter at naturformidlaren la ut sin første video hadde han over éin million følgjarar.

Med det tek briten over Guiness-rekorden frå Friends-stjerna Jennifer Aniston, som brukte fem timar og femten minutt på å få same følgjartal.

Tidlegare har både David Beckham, pave Frans og hertugen og hertuginna av Sussex kunne smykka seg med denne Instagram-rekorden.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

David Attenborough has spent a lifetime travelling, exploring the wild places of our planet and documenting the living world in all its variety and wonder. He’s also witnessed the damaged caused. Saving our planet is now a communications challenge. We know what to do, we just need the will. That’s why we want to share this message on Instagram. Because there is hope and together, we can inspire change. Social media isn’t David’s usual habitat so while he’s recorded messages solely for Instagram, like the one in this post, we’re helping to run this account. In case you’re wondering, ‘we’ are Jonnie and Colin and we worked with David on A Life On Our Planet. So, as well as sharing the messages he’s recorded especially for this account we’ll also post some exclusive clips and behind the scenes content. Stay tuned.

Et innlegg delt av A Life On Our Planet (@davidattenborough)

Fleire Guiness-rekordar

Meir enn 67 år er gått sidan den anerkjende briten fekk sin tv-debut i BBC-barneprogrammet Animal Disguises i september 1953. I tillegg til den nye Instagram-rekorden, har formidlaren også Guiness-rekordar i lengste karriere som presentør på tv og lengste karrierere som naturvitar på tv.

Instagram er ikkje Attenborough sitt naturlege habitat og han får difor hjelp til å administrere sin nye Instagram-konto. 94-åringen er i desse dagar filmaktuell med Netflix-dokumentaren A life on our planet og nyttar taletida si på sosiale medium til å setja fokus på klimakrisa.

94-åringen forklarar følgjarane sine at han utforskar den nye kommunikasjonsforma fordi verda er i trøbbel.

– Kontinent står i flammer, isbrear smeltar, koralrev døyr, fisk forsvinn frå hava våre, og lista held fram, seier Attenborough i Instagram-debuten.

Han understrekar at me veit kva som må gjerast og vil bruka Instagram for å formidla både problem og løysingar til sin stadig veksande følgjarskare.