Joe Biden vert den neste presidenten i USA

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter nokre intense døgn med stemmeteljing er det omsider klart:

Joe Biden vert den 46. presidenten i USA. 

Kamala Harris vert historisk som USA sin første kvinnelege visepresident, og som den første farga visepresidenten i landet.

Henta inn forspranget

Det har vore jamt i innspurten, og særleg merksemd har vore via vippestatane Georgia og Pennsylvania.

Laurdag utropa CNN, NBC, VBS og Associated Press Biden som vinnar av valet etter at det vart klart at han får fleirtal i Pennsylvania.

Med fleirtal i Pennsylvania får demokraten med seg 20 valmenn derifrå, noko som betyr at han har passert grensa på 270.

Georgia stemte sist gong fram ein demokratisk presidentkandidat i 1992, med Bill Clinton, men sidan då har det vore dei republikanske kandidatane som har hausta valmennene.

Donald Trump fekk eit forsprang i staten, men di fleire poststemmer som vart talde, di meir tok Joe Biden innpå den sitjande presidenten og gjekk etterkvart forbi. Eit mønster som mange føresåg før valdagen, og som også vart tilfelle i Pennsylvania.

– Vi har inga tvil om at når teljinga er ferdig, så vil senator Harris og eg verte erklært vinnarane, sa Joe Biden før det endelege resultatet var klart og oppmoda til tolmod.

– Ein president for alle amerikanarar

Då det var klart at Biden vert den neste presidenten i USA, skreiv han på Twitter at det er ei æra å vere vald til å leie landet:

– Arbeidet som ligg føre oss vil vere hardt, men eg lovar dykk dette: Eg vil vere ein president for alle amerikanarar – anten du stemte på meg eller ikkje.

Kor mykje kan du om den komande presidenten? Prøv deg på quiz: 

Resultat:  

Vurdering:  

Trump-løgnar om stemmejuks

Twitter har skjult mange av Donald Trump sine Twittermeldingar det siste døgnet, grunna misvisande informasjon. Skjermdump frp 6. november.

Sitjande president Donald Trump har ikkje site stille i båten medan stemmene har vorte talde og valmennene fordelte.

Trump har sidan i vår spreidd usikkerheit kring poststemmene, og har dei siste dagane teke til Twitter fleire gongar for å hindre at dei resterande stemmene vert talde opp.

– Om du tel dei lovlege stemmene, så vinn eg enkelt. Om du tel dei ulovlege stemmene, så kan dei freiste å stele valet frå oss, sa Donald Trump i ein pressekonferanse i natt.

Det finst ingen bevis på poststemme-svindel. Ein studie frå 2017 syner at den faktiske førekomsten av stemmesvindel i USA er under 0,0009 prosent.

På Twitter fekk presidenten også tilsvar frå leiaren i valkommisjonen i USA, Ellen Weintraub:

– Nok, Herr President. Nok. Å spy ut konspirasjoneteoriar om dette valet vil ikkje endre resultatet. Stemmene er avgjevne. Stemmene vil verte talde. Folket si vilje vil sigre. Løgnene dine undergrev demokratiet vårt og skadar landet vårt. Berre stopp.

Trump vert den første sitjande presidenten som vinn nomineringsvalet i sitt parti, men tapar valet, på 28 år. Berre ti sitjande presidentar før han, har mislukkast i forsøket på å verte gjenvald.


Foto: Gage Skidmore/Flickr/CC BY-SA 2.0 / Privat