Er Joe Biden si stamming eigentleg ei superkraft?

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Hei, mitt namn er Brayden Harrington og eg er 13 år gamal. Og utan Joe Biden hadde eg ikkje snakka med dykk i dag.

Videoen som vart vist under demokratane sitt landsmøte i august rørte heile USA, inkludert Kellyanne Conway som tvitra ros til 13-åringen få dagar før nyheita om at ho slutta som Donald Trump sin rådgjevar.

Harrington fortel at han møtte presidentkandidaten i New Hampshire nokre månader tidlegare.

– Det var veldig utruleg å høyre korleis nokon som meg kunne bli visepresident, seier 13-åringen.

Styreleiar i Norsk Interesseforening for stamming og løpsk tale (NIFS), Martin Aasen Wright, meiner stamming kan bli til ei styrke. Foto: Privat

Mindre fyllord og «øøøøh»

Styreleiar i Norsk Interesseforening for stamming og løpsk tale (NIFS), Martin Aasen Wright, er heilt einig i at Biden er eit godt førebilete på at ein kan nå langt trass i at ein stammar.

– Mange som stammar har brukt myk tid på å gå til logoped og oppsøke kurs. Dei har kanskje øvd seg litt meir enn resten på korleis presentere og snakka i debattar, seier Wright på telefon til Framtida.no.

Han peikar mellom anna på at medan andre politikarar kan kome til å seie «øøøøh» eller andre fyllord i Politisk kvarter i radio, så er dette noko personar som stammar har lært seg å unngå. Slike hjelpeord og nølelydar kan nemleg utløyse stamming.

Stoltenberg stamma

I tillegg til Biden viser Wright til NATOs generalsekretær Jens Stoltenberg, som på telefon frå Belgia fortalde Nitimen om utfordringar med stamming i barneåra.

– Ingen hadde trudd den gongen at eg skulle bli generalsekretær i NATO, når du ser ein stammande, usikker gutt som gøymer seg bort i ei gate på Frogner og ikkje tør leike med dei andre gutane, fortel Stoltenberg til Nitimen på NRK.

Wright forklarar at stamminga inneber mykje meir enn dei tekniske avbrytingane, det handlar òg om opplevinga ein har av staminga, kjenslene og det sosiale, som kan føra til unngåingsåtferd.

– Om ein ikkje føler ein meistrar sosiale situasjonar i 20-åra, så er vegen kort til å unngå situasjonane. Det kan utvikle seg til ei negativ åtferd og då er vegen til NATOs generalsekretær lang, understrekar Wright.

Han fortel at eit vanleg fellestrekk ved personar som stammar er at dei kan ha problem med å uttala namnet sitt og prate i telefon, ei utfordring som kan vara i ein periode eller heile livet.

Generalsekretær i NATO, Jens Stoltenberg, har fortalt at han sleit med stamming i ung alder. Foto: AP Photo/Francisco Seco

– Veldig fin taleflyt

Stamming er for dei fleste ei livslang utfordring, som kan verte verre i stressande situasjonar.

Då presidentkandidat Joe Biden syntest å famla etter orda i ein av dei tidlege presidentdebattane stilte kritiske røyster spørsmål ved om han var mentalt kapabel til jobben som president i USA.

På nett er det mange som spekulerer i om Joe Biden er dement, som denne bloggaren her: 

 

Skjermdump: caityjohnstone.medium.com

Wright meiner at pausane ikkje nødvendigvis treng ha samanheng med stamminga og meiner det kunne skjedd dei fleste i ein slik pressa situasjon.

Biden har forklart at stamminga var mykje meir framtredande i ung alder og Wright høyrer ikkje mange tydelege teikn til stamming hjå Biden anno 2020.

– Det eg har høyrt av Biden har han snakka veldig tydeleg. Han har veldig fin taleflyt, er veldig klar over kva han vil seie og det er ikkje noko nøling eller fomling.

– Eg tenkjer ikkje på at eg stammar

Joe Biden har fortald om sin oppvekst med stamming, men seier sjølv at dei feila han gjer i dag ikkje kjem av stamming.

– Eg tenkjer ikkje på at eg stammar, men tydelegvis seier folk at når eg er sliten så seier eg «uh, uh» og eg leitar eit sekund. Men høyr her: Feila eg gjer er feil. Nokre folk meiner eg framleis stammar, eg ser ikkje på meg sjølv slik, forklarar Biden i videoen under.

Biden hugsar stamminga si som svekkjande og audmjukande i offentlege samanhengar.

Likevel meiner demokraten at stamminga er noko av det beste som har skjedd han.

– For det gav meg ei innsikt i at alle har noko som dei ikkje kan overvinna med å berre seia: «eg skal ikkje gjera det», forklarar Biden

Svakheit og superkraft

Wright forklarar at sjølv om stamming av mange vert sett på som ein svakheit, så ser det ut til at Biden har snudd det om og brukt det som ein styrke.

The New York Times har òg kalla stamminga til Biden ei superkraft, fordi han veit korleis takla ei bølle.

Wright fortel at han har stilt seg spørsmålet om meiningsmotstandarane og media i somme tilfelle brukar stamminga mot han, og har kome til at det kan sjå slik ut.

Han viser mellom anna til VG si vurdering av den siste debatten, der ein kunne lesa at: «Han stammer og fomler litt innimellom, men gjør en solid innsats for å virke samlende».

VG sine kommentatorar trilla ein femmar på terningen og Wright understrekar at han ikkje veit noko om korleis informasjonen er tenkt og kva journalisten veit om Biden si stamming.

– I verste meining kan det lesast som at Biden fomlar fordi han stammar, seier Wright.


Les innlegget frå Oscar (26): «Du bør finne deg ein jobb der du møter minst mogleg menneske. Du stammar, veit du»

Oscar Aaslund Hovin. Foto: Sandra Skillingsås.