I dag er Den internasjonale mannsdagen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

19. november vert Den internasjonale mannsdagen markert verda over. Historieprofessor Dr. Jerome Teelucksingh frå Trinidad og Tobago får æra for å ha restarta tradisjonen i 1999.

I eit intervju frå 2008 som er publisert på nettsidene til Den internasjonale mannsdagen forklarar han at han starta initiativet fordi det var ein internasjonal kvinnedag, men ingen mannsdag.

– Nokre seier at det er farsdagen, men kva med unge gutar, tenåringar og menn som ikkje er fedrar? spør Teelucksingh i intervjuet.

Han fortel at datoen 19. november er valt for å heidra far hans, som er fødd på den dagen. I andre rekkje markerer datoen då det vesle landet for første gong kvalifiserte seg til VM i fotball i 1989.

«Hey guys! It’s today»

Mannsdagen er ikkje offisiell på same måte som kvinnedagen og er langt mindre kjent, noko som kjem fram i denne reklamefilmen frå britiske Standard Chartered Bank:

Like sikkert som kvinnedagen 8. mars, er det at det kjem mange stemmer som etterlyser ein internasjonal mannsdag. Den britiske komikaren Richard K. Herring har difor gjort det til sin Twitter-misjon å svara alle som etterlyser dagen at – ja, han finst.

Pengane han samlar inn gjennom kampanjen «Hey guys! It’s today» går til organisasjonen CALM (Campaign Against Living Miserably), som jobbar mot sjølvmord.

Movember for menn

Teelucksingh frå Trinidad og Tobago var ikkje den første som såg behovet for ein internasjonal mannsdag og lenge før 1999 var det ulike markeringar på ulike datoar verda over.

Når datoen no er lagt til november, betyr det òg at han kjem samstundes med kampanjen Movember, der menn sparar til bart for å samla inn pengar og løfte medvitet kring testikkelkreft.

Ulike land løftar ulike saker, men den internasjonale mannsdagen har som mål å fremja mannlege rollemodellar, betra menns helse, jobba mot diskriminering, fremja positive kjønnsrealsjonar og gjere verda tryggare for alle.

Kvart år har dagen likevel eit felles tema og i år er det «å gjera ein forskjell for menn og gutar», noko som inneber å både verdsetja dei og gjera tiltak for å betra deira liv og helse.

Likestillings- og diskrimineringsombod Hanne Bjurstrøm er uroa for menns psykiske helse. Foto: Likestillings- og diskrimineringsombodet

Menn, farskap og samvær

Mannsdagen har mange stader vorte ein dag som løftar fedrar sine rettar. I 2015 var dagen dedikert menns reproduktive rettar og moglegheiter til familieplanlegging.

Her heime markerer likestillings- og diskrimineringsombud Hanne Bjurstrøm dagen med ein kronikk på NRK Ytring. Ho meiner er altfor få likestillingstiltak retta mot menn og gutar.

Ho er uroa for sjølvmordsstatistikken og korleis menn i mindre grad nyttar dei psykiske helsetenestene.

Vidare nyttar ho høve til å løfta at menn må verte flinkare til å nytta dei likestillingspolitiske verkemidla, som foreldrepermisjon og lovfesta rett til deltid.

– Menn og kvinner sine ulike arbeidsmønster forplantar seg til løn og karriereutvikling, men òg til område som samvær etter samlivsbrot og menn si helse. Ei likare fordeling av omsorg og arbeid vil ikkje berre skape eit betre liv for mange menn, men òg nye alliansar mellom mødrer og fedrar, skriv Bjurstrøm i ytringa.

Sjølvmord og mental helse

Tidlegare dagar har feira mannlege rollemodellar og mangfald, betre og lenger livsløp, samt å jobba mot den dystre sjølvmordsstatistikken.

Kvinner lev i snitt kring fire år lenger enn menn, ifølgje Verdas helseorganisasjon. Same organisasjon anslår at det er det kring 800.000 menn årleg som gjer sjølvmord. I Noreg er to tredelar av dei som gjer sjølvmord menn, ifølgje tal frå Folkehelseinstituttet.

The University of Sutherland har spurt sine studentar kven som er deira mannlege rollemodellar:

Australske brannmenn i MFBMelbourne nytta høvet til å snakka litt om korleis det er å vera ein mann i dagens samfunn:

«The mask we live in»

West Yorkshire Fire and Rescue Service løftar på si side dagen med kampanjen «The mask we live in» der ein brannmann fortel om då han ikkje følte han ikkje klarte meir.

– Kvifor kunne eg ikkje vera meir open? Kvifor kunne eg ikkje vera mannen eg er innafor maska? Om du verkeleg kjente meg, kva ville du tenkja? seier brannmannen, som håpar å starta ein samtale.

– Mest av alt håpar eg at det vil få deg til å føla deg verdsett, fordi me alle bringer noko verdifullt til bordet. Ver deg sjølv, set pris på kvarandre, solidaritet, brør.