Emilie Hansen
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Politikarane både nasjonalt og internasjonalt er ueinige når det kjem til tilstanden på jorda vår, om vi er i ei klimakrise eller ikkje, og kva som må til for å forbetre situasjonen.

Medan skuleelevar streikar og demonstrerar for klimaet, og håpar at politikarane skal høyre på krava deira, er der fleire ting du som enkeltperson kan gjere for å minske klimaavtrykket ditt.

Her er ei liste over fem endringar du kan starta med:

Illustrasjonsfoto: James Coleman, Unsplash.com

1. Transport

I Sverige får fenomenet «flyskam» skulda for dårlegare SAS-resultat, medan me nordmenn flyr som aldri før.

Ifølgje Framtiden i våre hender utgjer nordmenn sine flyreiser rundt 7,04 millionar CO2-ekvivalentar i året. Det å kutte ut ei langdistanse flyreise er noko av det mest effektive du som enkeltperson kan gjere for miljøet. Dette kan vere noko å tenkje på når vi nærmar oss feriesesongen.

Klimautsleppa frå reiselivet er nesten like stort som utsleppa frå oljeindustrien, ifølgje klimaforskar Carlo Aall.

Difor bør du satse på grøn transport! Kva med å la bilen, motorsykkelen eller scooteren stå, og heller ta i bruk kollektivtransport?

«Heller Vy enn fly» var bodskapet under klimastreiken fredag 24. mai. Foto: Mateo Jimenez Tilrem

Det som er endå betre er om ein tek beina i bruk, og går eller syklar dit ein skal. Dette er fordelaktig både for di og jorda si helse. Vinn, vinn!

Les også innlegget frå Veslemøy (17): «Me må venne oss til ein ny kvardag»

Illustrasjonsfoto: Alfonso Navarro, Unsplash.com

2. Kjeldesortere og resirkulere

Du reddar diverre ikkje klimaet ved å kjeldesortere åleine. Faktisk må du sortere plast i fleire hundre år for å spare inn ein flytur, men det betyr ikkje at det er fånyttes.

Ved å skilje plast, papir, restavfall og matavfall frå kvarandre kan dei forskjellige delane bli resirkulert, og dermed vere med på å minske produksjonen av til dømes ny plast og papir. Dette gjeld også panting av flasker, og å hive glas og metall i riktige dunkar.

Noko som fleire ikkje er klar over er at gammalt tøy, uansett kva det har vore og kor øydelagt det er, også skal resirkulerast. Det gamle tøyet kan ein kaste i ein fretexkonteinar, så får det nytt liv.

Les også om studentane Julie og Frida som sel brukte klede: – Me har jo eigentleg altfor mykje

– Det har blitt ei trend å kjøpe brukt, noko eg synest er veldig kult. Eg håpar det held fram, fordi det er mykje betre for miljøet, seier Julie Solberg (t.h.) Både ho og venninna Frida Gustavson har blitt flinkare å handle brukt.

– Det har blitt ei trend å kjøpe brukt, noko eg synest er veldig kult. Eg håpar det held fram, fordi det er mykje betre for miljøet, seier Julie Solberg (t.h.) Både ho og venninna Frida Gustavson har blitt flinkare å handle brukt.

Ein kan sjå lysa våre heilt ute frå verdsrommet. Foto: NASA, Unsplash.com

3. Straumforbruk

Kutter ein ned på straumforbruket er dette godt for miljøet og lommeboka.

Det kan vere så enkelt som å slå av lys i rom du ikkje er i, skru av elektroniske apparat som ikkje er i bruk, og ta kortare dusjar og/eller i kaldare vatn.

Vidare hjelper det om ein tar vare på varmen ved at ein luftar kort og effektivt (hald vindauge på vidt gap i 5 minutt om gongen, i staden for på gløtt heile dagen).

Dersom ein bytter til sparepære og sparedusjhovud vil dette òg hjelpe på sikt.

Vidare kan ein senke romtemperaturen; dersom ein tidlegare har hatt den på eit nivå der ein går i t-skjorte, kan ein senke temperaturen til genser-temperatur.

Desse tenåringane testa miljøvenleg forbruk. Dusjrekorden var på under eitt minutt!

Astrid Jordåen, Frida Viktoria Tveitnes Moe, Veslemøy Sømoe Huglen, Marius Hammersland Loureiro, Magnus Tislevoll, Juliana Mohammad og Malin Grøsvik Almås bruker kortare tid i dusjen etter å ha testa ut korleis ein kan leva meir berekraftig. Foto: Svein Olav B. Langåker

Kortreist og vegetarisk er aller best for både klima og miljø. Illustrasjonsfoto: Esther Wechsler, Unsplash.com

4. Mat

Kva vi et har mykje å seie for kor stort klimaavtrykk vi etterlet oss. Korleis?

Gjennom produksjon, men også transport, blir det sloppe ut ei rekkje klimagassar i atmosfæren. Noko av det som er mest skadeleg for miljøet er kjøtproduksjonen.

Dette kjem av at produksjonen av kjøt er svært energikrevjande, og arealkrevjande. Utan mjølk og kjøtproduksjon kunne bruken av landbruksareal reduserast med heile 75 prosent, i følgje forskarar på feltet.

Derfor er reduksjon av animalske produkt noko av det viktigaste du kan gjere for klimaet. Om du kuttar i bruken av animalske produkt, i tillegg til å kaste mindre mat og å handle lokalt, har du minska ditt klimafotavtrykk betrakteleg.

Men heller ikkje kortreist mat er heilt uproblematisk: Kjøper ein norske tomater om vinteren, kan det vere opptil ti gonger verre enn tomatar frakta hit frå Spania.

Les intervju med landbrukselevar: – Landbruket har eit ufortent dårleg klimarykte

Malene Breingsnes Aalen (t.v.), Ann-Kistin Bjørneset Sætre og Steffen Fjellestad er elevar på naturforvaltingslinja på Mo og Øyrane vidaregåande skule. Foto: Bente Kjøllesdal

Illustrasjonsfoto: Pop & Zebra, Unsplash.com

5. Forbruk

Nordmenn er på andreplas i Europa når det kjem til personleg forbruk. Det store forbruket vårt er svært skadeleg for miljøet. Dette gjeld elektronikk, klede, møblar og andre små ting som ein berre MÅ ha.

Dersom vi blir meir bevisste over kjøpemønstera våra, kjøper kvalitet over kvantitet, og held oss til vår eigen smak i staden for trendar som kjem og går, kan dette føre til større positive endringar.

Om ein fyrst skal kjøpe noko, er der fleire måtar ein kan vere meir miljøvennlig på; prøv å unngå syntetiske stoff i kle, styr vekk frå eingongsbruk av plast og plastprodukt generelt, og kjøp brukt når du kan.

Vidare kan ein få ned forbruket ved å ta vare på det ein har frå før, og reparere om noko skulle bli øydelagt

Nordmenn bruker 15 milliardar årleg på turutstyr. Illustrasjonsfoto: Patrick Hendry, Unsplash.com