Testa miljøvenleg forbruk: Sette dusj-rekord på under eitt minutt

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 13.10.2019 20:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dusjinga gjekk veldig fint. Rekorden min var på under eitt minutt, fortel Marius Hammersland Loureiro.

Trikset var å gjera seg våt i dusjen først. Så skrudde han av vatnet og smurte seg inn med såpe og sjampo, før han dusja av seg såpa kjapt.

Jentene klarte å dusja på to minutt.

– Eg synest det var kjekt å dusja på to minutt. Eg set på ein song. Då veit eg kor lang tid eg har på meg før eg må vera ferdig, seier Veslemøy Sømoe Huglen.

I ei spørjeundersøking blant alle elevane på Stord vidaregåande, svarar 30 prosent at dei vil dusja mindre for å gjera forbruket meir miljøvenleg.

Svir å kasta mat

– Eg åt ei ferdigsuppe frå Rema 1000 som hadde gått ut for to veker sidan. Det gjekk heilt fint, fortel Marius Hammersland Loureiro.

Saman med medelevane Astrid Jordåen, Veslemøy Sømoe Huglen, Magnus Tislevoll og Tuva Skare Jørgensen har han prøvd å eta mindre kjøt, køyra mindre bil, kasta mindre mat, dusja mindre og ikkje kjøpa seg unødvendige ting.

– Eg må seia det svir meir å kasta mat no, seier Magnus Tislevoll.

LES OGSÅ: Matsvinn er eit større problem enn plastavfall

Tuva Skare Jørgensen, Veslemøy Sømoe Huglen og Astrid Jordåen (i blå t-skjorter frå venstre) møtte matreddar Mette Nygård Havre på Stord folkebibliotek. Foto: Svein Olav B. Langåker

Kutta kjøtet

Klassen deira er engasjert i Berekraftvekene på Stord vidaregåande skule.

Elevane har lært at bil, bustad, biff og flyreiser er dei største kjeldene til klimautslepp gjennom vanleg forbruk. Fleire har testa ut å vera vegetarianar.

– Det var ikkje vanskeleg i det heile. Me hadde fisk tre gonger den veka. Elles så åt eg noko bønnegreier som mamma laga. Det var ein gryterett med paprika oppi som var kjempegod, fortel Astrid Jordåen, som ikkje er like begeistra for vegetar-burger.

– Eg likar best når maten ikkje er etterlikningar. Men å eta bønnetaco, til dømes, er veldig godt.

Her er ein av dei vegetariske middagane til Veslemøy Sømoe Huglen.

Veslemøy Sømoe Huglen har vore vegetarianar heilt sidan før jul.

– Me åt tacofiskepinnar med grønsaker. Det var veldig godt, seier Magnus Tislevoll.

Blant alle elevane Stord vidaregåande skule, svarar meir enn 1 av 3 at dei kan tenkja seg å eta mindre kjøt for å gjera forbruket sitt meir miljøvenleg. Det viser resultata frå ei spørjeundersøking som førsteklassingane har utarbeidd i samarbeid med Framtida.no.

LES OGSÅ: Fem grøne ting du bør eta mindre av dersom du vil leva grønt

Miljøvenleg transport

Elevane har òg tatt meir buss, eller gått og sykla meir til skulen. Marius Hammersland Loureiro speler fotball på Trott, og klarte ikkje å vera vegetarianar på fotballtur.

– Det gjekk ikkje veldig bra. I staden blei det 200 kilometer med bilkøyring, ein lang dusj og pizza, ler han.

Blant elevane på skulen så er det heile 40 prosent som kan tenkja seg å køyra mindre, og 25 prosent av elevane vil fly mindre.

Lærerik fordjuping

Astrid Jordåen og Veslemøy Sømoe Huglen deltok på bytedag under Berekraftvekene på skulen.

– Ingen kan gjera alt. Men alle kan gjera noko, seier Tuva Skare Jørgensen.

Både ho og medelevane synest det har vore lærerike veker og meiner fleire elevar bør få tid til å fordjupa seg i berekraft på den måten dei har gjort.

Utdanningsforbundet har tatt til orde for at klimaendringane må få ein tydelegare plass i læreplanane som trer i kraft hausten 2020. Elevane på Stord vidaregåande er samde:

– Det er viktig å få klimaendringar og berekraft i læreplanane våre. Men endringa må skje no, understrekar Astrid Jordåen.

– Eg har blitt veldig interessert i berekraft, og har sett utvikling i meg sjølv. Eg har lært at me må bli bevisste forbrukarar, seier Magnus Tislevoll.

LES OGSÅ: Desse elevane vil byta seg til betre klimasamvit