Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 23.11.2018 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein skulle kanskje tru at tomatar frakta heile vegen frå Spania kom dårleg ut i klimarekneskapen. Så enkelt er det ikkje. Snarare tvert imot er norske tomatar klimaverstingar.

Oppvarming av drivhus med fossil gass bidrar til at norske tomatar kan bli så mykje som ti gonger meir klimafiendtlege enn spanske. Transportutsleppa frå Spania til Norge utgjer forsvinnande lite av totalen.

Det førte til at Stavanger nyleg opplevde 34 prosent auke i klimautslepp. Årsaka var samanslåing med den vesle øykommunen Finnøy – kommunen med størst tomatproduksjon i landet.

Tomatar og agurker spesialtilfelle

– Tomatar og agurker er spesialtilfelle. Normalt er norskprodusert betre når det gjeld frukt og grønt. Men ein treng svært mykje lys og varme for å produsere dette i Norge på vinterstid, seier Håkon Lindahl, fagsjef for Klima- og miljø i Framtiden i våre hender (FIVH).

Håkon Lindahl er fagsjef i Klima- og miljøavdelinga til Framtiden i våre hender. Foto: Jon Skille Amundsen

Det skjer mykje bra på energieffektivisering og utfasing av gass i norsk drivhusnæring om dagen, understrekar han.

Om nokre år vil norskproduserte tomatar og agurker truleg vera betre enn import i klimarekneskapen.

Det har mykje meir å seie kva type mat ein vel enn kor maten kjem frå.

– For plantekost generelt har transport ei betydning. Her er utsleppa knytt til produksjon så låge at delen utslepp frå transport naturleg blir mykje høgare.

– Men det har mykje meir å seie kva type mat ein vel enn kor maten kjem frå, forklarar Lindahl.

Kutt ned på kjøttet

I klimasamanheng er det tilsynelatande berre éin ting som verkeleg monnar: Å kutta ned på kjøttet.

– Me er katastrofale for klima uansett om me kjem frå Argentina eller Jæren, seier kyra i ein kommentar. Foto: Kyle Spradley/CC BY-NC 2.0

– Det som utgjer den store forskjellen er om ein et mykje eller lite kjøtt, seier Lindahl.

Spesielt når det kjem til raudt kjøtt er produksjonsutsleppa ekstremt høge. Kor kjøttet kjem frå blir i den samanheng nærmast ubetydeleg, viser han til.

I ein gjennomgang FIVH har utført, kjem storfekjøtt klart dårlegast ut med 22,7 kilo CO2-utslepp per kilo kjøtt. Bønner og blomkål slepp til samanlikning ut høvesvis 0,7 og 0,4 per kilo.

Om maten er kortreist eller ei har lite å seie for ein kjøttmiddag. Foto: Skjermbilde frå Framtiden i våre hender.

– Kjøttforbruket må ned. Det er mykje viktigare enn kor langt maten har reist, slår Lindahl fast.

– Økologisk matproduksjon var aldri eit klimatiltak

Det er likevel ein type frukt og grønt ein bør vera merksam på kor kjem frå. Ferske, eksotiske frukter og bær er ofte frakta langvegsfrå med fly.

– Blant verstingane er også frukt og bær frå eksotiske strøk. Her blir transportutsleppa svært høge, påpeikar Lindahl.

– Norske jordbær i sesong er derimot svært klimavenlege.

– Korleis kjem økologisk mat ut i denne samanhengen?

Norske jordbær i sesong er derimot svært klimavenlege.

– Økologisk matproduksjon var aldri eit klimatiltak. Det er ingen dokumenterte fordelar for klima med økologisk mat.

– Somme gonger ser ein tvert imot at det er heilt motsett: Økologisk kjem verre ut på klima. Dessutan er økologisk produksjon mykje meir arealkrevande, forklarar Lindahl.

Økologisk produksjon kan likevel ha andre fordelar, understrekar han. Men ser ein isolert på klimaeffekt er det altså lite å skryta av.

– Animalsk matproduksjon som heilskap er det store problemet her. Der kjem 15 prosent av verdas utslepp frå, avsluttar Lindahl.