Varslar ny skulestreik for klima 30. august

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 11.06.2019 08:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

16 år gamle Tina Razimafimby Våje er ein av initiativtakarane til skulestreik for klima i Noreg. Foto: Privat

– Regjeringa har ikkje tilstrekkelege mål, og langt frå tilstrekkelege tiltak. Då er det opp til lokalpolitikarane å få Noreg på linje med Parisavtalen, seier Tina Razimafimby Våje i ei pressemelding

16-åringen som er ein av initiativtakarane til dei norske skulestreikane har ei klar oppmoding før valet:

– Vi som ikkje kan stemme ønskjer oss ein leveleg klode. Stem for oss.

Lokal klimakamp

I pressemeldinga frå Natur og Ungdom kjem det fram at organisasjonen mobiliserer til ny storstreik saman med Spire, Changemaker, KFUK-KFUM Global og engasjerte enkeltpersonar.

Målet er å få klima på dagsorden i lokalvalet på same måte som klima vart ei av dei viktigaste sakene for veljarane i både det danske valet og EU-valet.

I forkant vil difor dei lokale streikane løfta krav til sine kommunar og fylke.

Nedstemt i Stortinget

Torsdag 6. juni stemte eit overveldande fleirtal i Stortinget ned to representantforslag basert på dei fire krava frå ungdommane som streikar for klima.

Miljøpartiet dei grøne og SV hadde fremma krava, men fekk berre støtte av partiet Raudt.

Streikarane har følgjande krav til norske politikarar:

  • Ingen leting etter meir olje og gass. Skap nye klimavenlege jobbar i Noreg
  • Auk det norske klimamålet og kutt meir enn halvparten av norske utslepp innan 2030 (Minst 53 % kutt innan 2030 samanlikna med 1990-nivå)
  • Vis solidaritet med barn og unge i det globale sør som vert råka av klimaendringane vi er skuld i. Gi 65 milliardar årleg til klimatiltak og klimatilpassing
  • Erklær klimakrise, og følg opp med tiltak

Det siste vart lagt til før den nasjonale skulestreiken 24. mai, etter at Skottland, Wales og Storbritannia har erklært klimakrise.

Elevane fekk ikkje støtte av statsminister Erna Solberg for dette kravet då ho talte til streikarane framfor Stortinget.

Statsminister Erna Solberg talte til klimastreikarane framfor Stortinget fredag 24. mai. Foto: Andrea Nøttveit

Gaute Eiterjord er leiar i Natur og Ungdom. Foto: Anna Olerud/Natur og Ungdom

Klimabrøl og streik

Natur og Ungdom-leiar Gaute Eiterjord er ikkje imponert over responsen frå politikarane og inviterer både gamle og unge til å bli med på neste skulestreik for klima.

– Politikarane sin reaksjon på vårens massive ungdomsopprør har vore å ignorera oss på same måte som dei ignorerer klimakrisa. Men vi held trykket oppe og gir oss ikkje, lovar Eiterjord i pressemeldinga.

Skulestreiken 30. august er same dag som Even Rydningen har teke initiativ til aksjonen Klimabrølet, for å støtte ungdommane.

Even Rydningen med Klimabrølet under skulestreik for klima fredag 24. mai. Foto: Andrea Rygg Nøttveit

Katastrofale klimakonsekvensar

Òg Changemaker-leiar, Embla Regine Mathisen, er budd på å stå på for krava.

– Vi streikar fordi Noreg framleis ikkje har tatt innover seg det enorme ansvaret vi har for dagens klimakrise. Vi streikar fordi mange millionar klimafordrivne årleg mistar sitt livsgrunnlag på grunn av klimakrisen sine katastrofale konsekvensar, understrekar ho i pressemeldinga.