Studie: Kutt i kjøt og mjølk minskar miljøavtrykket

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ein vegansk diett er sannsynlegvis den største måten å redusera ditt avtrykk på Jorda på, seier leiar for forskingsgruppa, Joseph Poore, ved University of Oxford.

I ein studie publisert i Science har forskarar samla data frå nesten 40.000 gardar i 119 land.

Studien, som er omtalt i The Guardian, tek føre seg 40 ulike matvarer, som står for 90 prosent av all mat.

Forskarane har sett på både bruk av landområde, klimagassutslepp, bruk av ferskvatn, vannforureining og lufforureining.

Les også: Forskarar fôrar kyr med tang for å kutta metanutslepp

18 % kaloriar kjem frå 87 % av arealet

Forskarane kom fram til at ein utan mjølk og kjøtproduksjon kunne redusera bruken av landbruksareal globalt med meir enn 75 prosent – eit område som tilsvarar USA, Kian, EU og Australia tilsaman.

Dette kan ein gjere og framleis brødfø verdas befolkning.

For trass i at kjøt og mjølk berre utgjer 18 prosent av kaloriane og 37 prosent av proteinane frå landbruket, tek produksjonen opp 83 prosent av jordbruksarealet.

Kjøt- og mjølkeproduksjon er òg skuld i 60 prosent av drivhusgassutsleppa i landbruket.

Les også: Bondelaget fryktar kvar femte ku kan bli borte med klimakutt

Viktigare enn fly og el-bil

Ifølgje Poore er eit vegansk kosthald viktigare for miljøet enn å kutte flyturar og køyre elektrisk bil, som berre kuttar drivhusgassutsleppa.

Forskarane fann forskjellar på ulik produksjonsmetode. Til dømes resulterte storfekjøt frå avskoga land i 12 gongar meir drivhusgassutslepp og 50 gonger meir arealbruk, enn dyr som grasa i naturleg beitemark.

Den mest miljøvenlege forma for storfekjøtproduksjon var likevel mykje dårlegare for miljøet enn planteprotein som til dømes erter.

Les også: Tidlegare slått kan gjera landbruket meir klimavenleg

Metan frå ferskvassfiske

Eit av dei mest overraskande funna var at ferskvassfiske, som har vorte sett på som relativt miljøvennleg, faktisk har ganske store konsekvensar. Avfall som søkk ned til eit oksygenfattig miljø på botnen produserer nemleg gassen metan.

Professor Tim Benton, ved Universitetet i Leeds, er blant dei som tykkjer den omfattande studien er viktig.

– Måten me me produserer mat, konsumerer og kastar mat er ikkje berekraftig for planeten. Gitt den globale overvektskrisa, endring i matvanar – å eta mindre produsert av husdyr og meir grønsaker og frukt – har potensiale til å gjer bade oss og planeten sunnare, seier han i The Guardian.

Les også: Rapport: Klimaendringar vil gje dyrare mat