Norske landbrukselevar er på veg inn i ei næring som er i omvelting. Klimaendringane gjer føresetnadane usikre, samstundes som samfunnet og marknaden stiller stadig nye krav med miljø i bakhovudet.

– Vi har vorte veldig intensive i drifta og sårbare for klimaendringar, seier Steffen Fjellestad.

Den 20 år gamle naturforvaltingseleven meiner regjeringa er for opptekne av symbolpolitikk og syndebukkar til å gjere reelle tiltak, og at bøndene vert skadelidande. Dei lyt betale ein høg pris og bere skulda for ei klimakrise vi føler meir og meir på oss.

Klimasyndaren som vil bidra

Framtida.no møter Steffen Fjellestad og medelevane Ann-Kristin Bjørneset Sætre (20) og Malene Breingsnes Aalen (18) på Mo og Øyrane vidaregåande skule i Førde kommune.

Dei to førstnemnde er oppvaksne på gard, medan Aalen beundra næringa på avstand før ho starta på hestelinja for nokre år sidan.

Mo og Øyrane vidaregåande skule, avdeling Mo i Førde. Foto: Bente Kjøllesdal

No går alle tre på naturforvaltingslinja på skulen, og er i gang med ei fordjupingsoppgåve om samanhengen mellom landbruk og klima. Dei les faglitteratur og snakkar med forskarar, og det heile skal munne ut i ein metarapport.

Allereie har dei rokke å få hakeslep over det dei har lese:

– Det første eg såg var at nordmenn sine private flyreiser til utlandet slepper ut fleire tonn CO2-ekvivalenter enn heile landbruket samla, seier Fjellestad og ristar oppgitt på hovudet.

Han meiner landbruket har fått eit ufortent dårleg rykte.

Sætre er samd, men understreker samstundes at næringa har eit forbetringspotensiale og er meir enn villige til å bidra:

– Landbruket kjem til å gjere sitt for å få ned utsleppa sine, i alle fall dei menneskeskapte med traktorar og maskiner.

For elevane er det viktig å poengtere at det er ein forskjell mellom fossile utslepp og dei som kjem av biologiske prosessar. Dei meiner det vert feil å fokusere på all metanen frå kurap og -fis utan å ta omsyn til at dette er ein del av naturen sitt karbonkrinslaup.

Les også om korleis fôrforsking kan gjere ku-rap meir klimavenleg. 

30 tiltak for eit klimavenleg landbruk

Nyleg var landbruksorganisasjonane i forhandlingar med regjeringa om ei frivillig klimaavtale. Saman har dei kome fram til 30 tiltak for å redusere klimagassutsleppa frå den norske bonden: Frå å satse meir på norsk rødt fe (NRF) og kombikua som produserer både mjølk og kjøt til korleis ein betre kan handtere husdyrgjødsla. Alle tiltaka kan du lese her.

Elevane synest slike forhandlingar er viktige. Då syner landbruket at dei faktisk tenker på og arbeider for å verte meir klimavenlege. Samstundes er det viktig med konkrete tiltak, både for bonden, forbrukaren og politikaren:

– Det er alltid slik i store system at ein kan ikkje berre ha nokre lause trådar. Ein må ha planar og tiltak, og så rapportere tilbake, seier Fjellestad.

Dei tre elevane meiner for mange folk har danna seg eit bilete av korleis eit gardbruk vert drive og korleis det står til, utan å nokon sinne ha sett føtene sine i eit fjøs. Dei vil difor også at avstanden frå enkeltindividet til garden, frå barnehagen til fjøset, skal verte mindre. Foto: Bente Kjøllesdal

Sætre fortel at dei fleste bønder vil gjere klimanyttige tiltak, men at det er særleg eit hinder:

– Det kostar så mykje pengar at bøndene ser ikkje korleis det kan løne seg akkurat no. Om bønder skal velje mellom å kjøpe Brielmaier si rundballepresse som går på straum eller ei kombipresse frå Orkel, då er det Orkel-pressa som nok vert lettaste alternativet. I tillegg er det nok den ein føler seg mest trygg på sidan Brielmaier er såpass nytt, forklarar ho.

Sætre seier at mykje av den nødvendige teknologien og utstyret eksisterer, men det er enno så upåliteleg at få tørr ta det fyrste steget og investere.

Les også: Klimakalkulator skal gjere bonden klimasmart

Støtta er viktig

Det viktigaste for at bonden skal lukkast med klimatiltaka sine er likevel støtte, fortel elevane. Ikkje økonomisk støtte åleine, men også støtte frå samfunnet:

– Dei fleste er jo interesserte i å omstille seg og vere klimavenlege – i alle fall av dei som har sett seg inn i klimaendringar og utfordringar det vil medføre. Men ein må få hjelp på vegen, og det må vere politisk vilje for det, seier Fjellestad.

På skulegarden på Mo steller elevane gris, ku, sau, høner og hest. Foto: Bente Kjøllesdal

Dei har enno nokre månadar att på denne skulebenken før dei går vidare, men alle tre kan tenke seg å verte bønder seinare i livet.

Fjellestad leikar med tanken på å ta over garden heime der dei har mjølkekyr og produserer lokalmat. På den vesle heimgarden til Sætre har dei no nokre få sauer, men etter kvart som ho tek over garden vil ho sjølv satse på ammegeit. Og Aalen vil ta satse vidare på hest, og mogelegvis verte ridefysioterapeut.

Men det er ikkje berre med lett hjarte dei trer inn i yrket.

– Føler de at næringa dykkar er trua?

– På ein måte er næringa litt trua. Vi les oftare i aviser og på sosiale medium om dei negative konsekvensane av klimautsleppa innanfor landbruksnæringa enn kva vi har gjort for å forbetre oss, seier Sætre.

Også Aalen, som skal drive med hest, er uroa for korleis framtida vert:

– Korleis det kjem til å vere med fôr og tilgang på areal, det må eg tenke på i dag, fortel 18-åringen.

Sætre legg til at også den økonomiske dimensjonen gjer at uroa tynger meir for kvar enkelt bonde.

– Du må ha interesse av landbruk for å drive i dag, for økonomisk sett lønner det seg ikkje særleg, seier Sætre. Ho meiner det er lurt om bonden har nokre dekar ekstra innmark enn det han har dyr til, med formangel i bakhovudet. Foto: Bente Kjøllesdal

Sjølvforsynte Noreg

– Vi ser jo ein trend i utviklinga no at det vert litt upopulært å ete raudt kjøt. Ein skal ikkje lenger ete like mykje animalske produkt, og det skal vere meir plantebasert kost direkte til menneska, seier Fjellestad, og legg til:

– Skal vi kunne drive som bønder må nokon sjå nytta i produkta våre.

Han meiner det er viktig å poengtere at i Noreg er berre tre prosent av arealet dyrka mark, og éin prosent som er eigna til å dyrke korn. Resten av arealet er mest eigna for grasproduksjon.

Fjellestad meiner målet lyt vere å produsere menneskemat der det går, og å halde grasarealet i distrikta i drift. Samstundes peikar Aalen på at forbrukarane kan velje varer som det er mogelege å produsere i Noreg: treng du eigentleg avokado? Og kanskje du heller skal ete poteter og ikkje ris?

Ifølgje Stortinget si St. 11 (2016-2017) er også hovudmålet til jordbruket at Noreg skal oppnå høgast mogleg grad av sjølvforsyning, basert på norske ressursar. For samstundes som den norske bonden skal verte meir klimavenleg, så importerer Noreg meir storfekjøt enn nokon gong. Utsleppa frå den importerte produksjonen har høgare klimakostnad, men syner ikkje på norske klimarekneskap.

Les også: Her blir fiskebæsj til grønsaker, utan utslepp

Klimaendringane vil tære på næringa

I tillegg til marknadsutfordringane som kjem av at forbrukarar endrar matvanene sine, vil også næringa kjenne klimaendringane direkte.

– Vi har vorte veldig intensive i drifta og sårbare for klimaendringar. Alt frå tørkesommar til våt sommar der vi har store tunge maskiner som skal ut på våte, sleipe bøar. Det går kanskje i eitt eller to år, men det er ikkje slik vi bør drive for å spele på lag med jorda. Vi må starte å tilpasse oss meir eit endra klima, seier Fjellestad.

– Kviler det ekstra ansvar på yngre bønder til å ta grep i klimakampen?

– Det kviler jo eit ansvar, men hovudansvaret må ligge hjå noverande politikarar, interesseorganisasjonar og fagorganisasjonar. Men det er felles for alle, seier Fjellestad.

Han meiner politikarane til no har forsømt ansvaret sitt, og satsar på klimakutt innan landbruket for å avleie frå handling der tiltaka verkeleg trengst:

– Landbruket kan vere ein del av løysinga, og ein viktig del av løysinga, men petroleumsbransjen, transport og industri er sektorar som faktisk utgjer ein mykje større forskjell og der meir drastiske tiltak krevst.

Les også reportasjen om Ingemund Kvæstad: 17-åringen er avhengig av rullestol, men endeleg kan han ta traktorlappen.

Malene Breingsnes Aalen og ein kalv. Foto: Bente Kjøllesdal

Oppdatert: fredag 15. mars 2019 12.47

Kommentarar

ANNONSE