Svenskar er flaue over å fly – nordmenn flyg meir enn før
SAS-sjef Rickard Gustafson ser underskotet til selskapet i samanheng med fjorårets nyord i Sverige, «flyskam».
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Då SAS la fram halvårsresultatet sitt, varsla dei at etterspørselen dabbar av i Sverige, der omgrepet «flyskam» var årets nyord i 2018.
– Det er med å påverke. Det er eg heilt overtydd om, seier Rickard Gustafson til Dagens Næringsliv.
- Les også: Færre nordmenn har flyskrekk
Nordmenn flyr som før
Det er fleire enn SAS som peikar på tendensen til at svenskane til dømes tar tog i staden for fly for å reise no. Flytrafikken har falle ved nesten alle Swedavias flyplassar det siste halvåret.
Samtidig held flytrafikken i Noreg fram med å vekse.
– I Noreg har ein større forståing for kva flybransjen betyr for samfunnet, seier Gustafson.
Avinors flyplassar har hatt ein trafikkvekst på mellom 1,6 og fire prosent årleg dei siste fem åra, sett bort frå i 2015, året etter det siste oljeprisfallet, då det blei nullvekst.
I fjor åtvara Avinor regjeringa om at vekstmåla i luftfarten kan vera i strid med klimamåla.
– Vi har så langt ikkje gjort betraktningar rundt kva flyskam betyr for flyreisene til nordmenn. Tala så langt i år viser ingen indikasjonar på at folk flyg mindre enn før, seier informasjonsansvarleg Lasse André Vangstein i Avinor.
Les også om nyttårsforsettet som samlar meir enn 20.000 svenskar – «Vi håller oss på jorden»: