Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 01.09.2018 08:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sel brukte klede: – Me har jo eigentleg altfor mykje

– Eg tenkte det var greitt å få litt lommepengar til sommaren. Så er det koseleg å stå og møte folk, i tillegg til at ein bidreg til at folk kjøper brukte ting, seier Kaja Syversen Elisen.

23-åringen har stått og selt brukte ting på Makers Market summer Pop Up fleire dagar i sommar.

Denne laurdagen har Elisen fått med seg veslesyster Karoline Gamberg, som òg ville tene litt pengar samstundes som ho kvitta seg med ting som ikkje vert brukt.

Begge jentene handlar gjerne brukt og tykkjer det er fint å bidra til meir gjenbruk.

– Me har jo eigentleg altfor mykje. Alt det me sel her hadde me berre liggjande heime og fekk ikkje brukt. Då vil me gjerne sjå at det får nytt liv hos andre, seier storesyster.

Les også: Spar miljøet, lommeboka og samvitet – byt klede

– Alt det me sel her låg berre heime og vart ikkje brukt, så vil me gjerne sjå at det får nye liv hjå andre, seier Kaja Syversen Elisen (23), som har teke med seg veslesyster Karoline Gamborg.

– Alt det me sel her låg berre heime og vart ikkje brukt, så vil me gjerne sjå at det får nye liv hjå andre, seier Kaja Syversen Elisen (23), som har teke med seg veslesyster Karoline Gamborg.

Håpar på fleire «pop up»-marknadar

Frå 4. august har marknaden på Schous plass i Oslo vore open for seljarar i alderen 13-25 år. Her får dei hengjarar og bord der dei kan selje eigenproduserte eller brukte varer. Også eldre seljarar kan leige stand.

Marknaden er eit samarbeid mellom Sommerbiblioteket på Deichman Grünerløkka og Circular Ways, eit sosialt selskap som jobbar med ulike prosjekt knytt til gjenbruk.

Gründer og dagleg leiar i Circular Ways, Katerina Medbøe Eriksen forklarar at målet med marknaden er å gjere dei unge meir medvitne på eige forbruk.

– Me håpar at dette kan poppe opp fleire stader, og kanskje bli eit konsept, forklarar Eriksen.

Ho håpar på godt oppmøte på sesongens siste dag, laurdag 25. august.

Les også: Klede er aldri boss

Når Framtida.no møter Frida Gustavson har ho allereie selt varer for 300 kroner. Det meste av handelen skjer via Vipps.

– Må få solgt unna for å kjøpe nytt

Ifølgje ein SIFO-rapport frå 2016 kastar kvar nordmann kastar i snitt 23 kilo klede i året.

–  Me har eit stort forbruk av klede. Det er heilt ekstremt, så me må få selt unna for å kjøpe nytt, fortel Julie Solberg (23).

Ho er glad for trenden med å kjøpe brukte klede og har sjølv vorte flinkare til å både kjøpe og selje brukt.

Venninna Frida Gustavson har selt brukte klede via appen Tise og Finn.no tidlegare, men det er første gang dei to står på på stand.

– Det er jo bra med gjenbruk og vintage er meir i elden enn nokon gong. Så tenkte me at det er hyggelegare å finne på noko enn å berre sitje heime, seier 22-åringen.

– Burde vore fleire stader som dette

Gustavson har gjennom studia på Westerdahls sett nærare på fenomenet pop up og fann marknaden via Instagram. Ho meiner Makers Market summer Pop Up er eit tiltak som gagnar både miljøet og ungdommane, som allereie frå 13-årsalderen kan tene eigne pengar.

– Eg synast det er superpositivt og at det burde vore fleire stader som dette, seier Gustavson.

– Det byrja med at eg laga til meg sjølv og fekk mange forespørslar om å lage til andre. Dei liknar litt på smykka til Anni Lu, som er veldig populære, fortel Frida Gustavson.

Makers Market summer Pop Up

  • Er eit samarbeid mellom sommarbiblioteket på Grünerløkka Deichman og Circular Ways
  • Marknaden er gratis for seljarar mellom 13-25 år. Eldre seljarar kan betale 300 kroner for stand
  • Marknaden opna første gang 4. august og har vore open måndag til laurdag fram til 18. august.
  • Siste dag i sommar er laurdag 25. august.