– Kjeldesortering hjelper ikkje miljøet

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er Annegrete Bruvoll i konsulentselskapet Vista analyse som har rekna seg fram til dei skuffande tala for kjeldesortering, ifølgje Aftenposten. Ho har tidlegare vore miljøforskar for Statistisk sentralbyrå (SSB), og har studert økonomien i sortering og attvinning av avfall.

Test deg sjølv: Kor berekraftig er du?

Ho konkluderer er at det ikkje er store miljøeffektar av kjeldesortering, og har rekna seg fram til nokre nøkkeltal. Dei kan du sjå i faktaboksen.

Ho meiner same miljøeffekt kan bli nådd ved å stoppa norsk oljeutvinning tre-fire timar i året.

– Det er eit paradoks at miljøfokuset i så stor grad er retta mot handlingar med ubetydeleg miljøeffekt, medan interessa er liten for å kutta ned på flyreiser og personbilismen, seier Bruvoll.

LES OGSÅ: Den grøne kyrkjebølgja

I snitt kasta nordmenn 442 kilo avfall i 2013, i heimen åleine. Grønt Punkt kommenterer tala til Bruvoll i eit blogginnlegg, og meiner samanlikninga mellom kjeldesortering og ei flyreise ikkje er så enkel.

– Eit viktig poeng blir gløymt; nemleg at me produserer store mengder avfall kvar dag, og at avfallet er ei råvare som bør og skal utnyttast. Det blir heilt feil å setta kjeldesortering og attvinning opp mot andre klimatiltak  for å redusera CO2-utslepp. Avfall handlar om meir enn CO2 og klima, skriv Grønt Punkt i blogginnlegget som er underteikna av fleire representantar frå mellom anna Bellona, Oslo kommune, Avfall Norge, Norsk Industri og KS.

LES OGSÅ: Å resirkulera heime er bortkasta tid

Faktaboks

Desse tala har Bruvoll rekna seg fram til:

Biogass frå matavfall som blir brukt i bussar i Oslo sparar 0,02 prosent av norske utslepp.

Kjeldesortering og resirkulering av plast i norske heimar sparar 0,09 prosent av norske utslepp.

Bruvoll har også rekna seg fram til at gjenbruk av plast maksimalt kan spara 0,04 prosent av norsk oljeutvinning.