Me må venne oss til ein ny kvardag

Veslemøy Sømoe Huglen (17)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Veslemøy Sømoe Huglen sitt innlegg er blant dei som fekk heider i Framtida.no sin skrivekonkurranse om klima.

Me kan ikkje sitje og vente på at politikarane skal fikse alle våre problem, for det ser ikkje ut som dei har tenkt til gjere noko.

Du må gjere det du kan for at det i det heile tatt skal være ein liten sjanse for å redde jorda.

«Ekstreme» levemåtar kan bli normalen. Kvifor blir det sett ned på når du prøver å gjere ein forskjell?

Det er ikkje ekstremt å vere veganer og bu i minihus. Det som er ekstremt er dei som lukkar auga og nektar å sjå kva som skjer rett framfor nasa deira.

Me må handle, og me må handle no

Å tru at alt skal ordne seg er ekstremt. Lille Noreg slepper åleine ut over 52,7 millionar tonn CO2 i året. Det er omtrent 10 tonn per person.

Det er ikkje nok å ta korte dusjar og å køyre elbil. Me må stille oss kritisk til heile levemåten vår. Mykje må endrast når utsleppa må kuttast heilt innan 2075 for å klare å halde oppvarminga under 2 grader.

Me kan ikkje berre sitje og vente på eit mirakel som mest sannsynleg ikkje kjem. Me må handle, og me må handle no.

Me må presse myndigheitene til å ta tak. Samstundes må ein som enkeltperson gjere det ein kan for å kutte utsleppet. Det er mange ting du kan gjere som gjer ein stor forskjell på ditt klimagassutslepp.

Men kor stor innverknad har no eigentleg dei endringa du gjer i livet? Kan ein redde verda ved å kutte ned kjøttforbruket, velje å droppe helgeturane til London og slutte å kjøpe ting på impuls berre for å kjøpe det?

Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere noko

Ifølgje Forsking.no slepp du ut like masse CO2 tur-retur London som ein gjennomsnittsperson slepp ut ved å køyre bil som førar eller passasjer.

1000 kcal med storfekjøtt, som blir omtrent 400 g, slepp ut 11,7 kg CO2. Desse tala blir store når ein reknar dei over ein periode på eitt år eller 10 år.

Det er lett å tenkje at det du gjer ikkje utgjer nokon forskjell, men det gjer det.

Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere noko.

Eg trur at dersom me skal ha sjanse til å stoppe klimakrisa, så kan me ikkje vente på at nokon andre skal gjere alt arbeidet, og du skal berre leve vidare som du alltid har gjort.

Nokon må gå framfor med eit godt eksempel, og kvifor kan ikkje det være deg?

Klesbutikkane har 52 sesongar i året og ein ny iPhone-modell kjem ut stadig vekk

Samfunnet er ikkje tilpassa å leve berekraftig. På butikken er nesten alt pakka i plast, klesbutikkane har 52 sesongar i året og ein ny iPhone-modell kjem ut stadig vekk.

I vårt forbrukarsamfunn er det viktig å hugse på at det er vi som kjøper produkta som bidrar til at det vert lønnsamt å produsere så mykje.

Eg trur at alle kan ha godt av å ta eit steg tilbake og verkeleg leggje merke til kva ein gjer i løpet av ei veke.

Det er så mange ting ein gjer utan å i det heile tatt tenkje over det.

Prøv å ta med stoffnett i butikken. Kjøp varer du kan få i glas eller lausvekt der det er mogleg og tenk på kva mat du vel og kor mykje klimagassar matvarene du kjøper kvar dag slepp ut.

Dersom nok personar seier ifrå, vil butikkane måtte innfinne seg med at forbrukarane har nye krav, og at det kanskje er på tide å gjere noko.

Prøv å finne butikkar som er etiske og berekraftige å kjøpe klede av. Ta kortare dusjar og ta sykkelen til jobb.

Små ting kan gjere store forskjellar.

Les vinnarinnlegget «Klimaverstingen: Lukk auga, så er graset framleis grønt»

Les intervjuet med vinnaren Fridar Malmsten Steinkopf (17) her: – Det er viktig at me legg fokus på dei konsekvensane livsstilen og forbruket vårt har for miljøet og klimaet, og at me alle bryr oss.

Fridar Malmsten Steinkopf vann med innlegget «Lukk auga, så er graset framleis grønt». Foto: privat