Forskar: Reiselivet forureinar nesten like mykje som oljeindustrien

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 25.05.2019 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskar Carlo Aall ved Vestlandsforsking. Foto: Endre Hilleren / Vestlandsforsking

Klimaforskar ved Vestlandsforsking, Carlo Aall, la i helga fram oppdaterte tal på klimaavtrykket i norsk reiseliv, skriv NRK.

– Når ein slår saman nordmenn sine utslepp frå ferie i inn- og utland med utlendingar sin ferie i Noreg, og reknar med flyreisa inn og ut av landet, er utsleppa frå norsk reiseliv store. Nesten like store som den største enkeltkjelda i den offisielle norske klimarekneskapen, produksjon av olje og gass, seier han.

Les også: Carlo Aall er også ein av forskarane som meiner det er på tide med tvang i klimakampen

Reiseliv utanfor grensene

Nasjonane rapporterer klimautsleppa sine ut frå kva som skjer innanfor landegrensene, derfor kjem dette ikkje fram i den offisielle klimastatistikken.

– Reiseliv dreier seg om å reise mellom land, difor har vi teke med utsleppa frå internasjonale flyreiser og båtreiser, seier Aall.

Lurer du på korleis du kan leve meir miljøvenleg? Her får du Carlo Aall sine beste tips!