La Gunnhild fullføre vidaregåande!


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Fredag kom nyheita om at det ikkje vert nokon tredje sesong av nettdramaet Lovleg.

Silje Leiknes Johnsen har allereie sett i gang ein underskriftskampanjen «Redd Lovleg». 

Eg er ein av dei som sørgjer over at NRK P3 ikkje lét elevane på Firda vidaregåande skule fullføre vidaregåande.

Semesteret hausten 2018

Utover våren i fjor steig forventningane til serien som vart kalla «bygde-Skam».

14. august kom teaseren og få dagar seinare var Gunnhild og foreldra på plass med flyttelasset for å starta på Firda vidaregåande skule 2018/2019.

Først då vart det kjent kven som var NRK P3s nye Julie Andem. Forfattar Kjersti Wøien Håland, som sjølv kjem frå Høyanger og har gått på Firda vidaregåande skule.

Eg må medgje at eg ikkje var hekta frå første sekundet Gunnhild sette sine bein på Sandane for å flytta inn på hybel med Sara, Peter og Alex.

Den kristne handballspelaren Peter (Runar Naustdal), dramaeleven Sara (Silje Holm Carlsen), hovudpersonen Gunnhild (Kristine Ryssdalsnes Horvli) og musikkeleven Alex (Olav Barmen Trollebø) bur saman i kollektiv. Foto: NRK P3

Ikkje kjærleik ved første blikk

Det var ikkje kjærleik ved første blikk. Eg syntest Gunnhild var keitete og karikert, ein karakter berre ein serieskapar kunne elske.

Eg forventa Skam-realismen, som heller ikkje festa seg frå første sekund. Då òg tok det tid å venne seg til det nye formatet.

Men etter få episodar var eg med på Wøien Håland sitt univers, som har gitt meir plass til komikk og ein meir iscenesatt estetikk enn Skam.

Og sjølv om serien tilsynelatande er mindre realistisk enn Skam er det særleg på eitt punkt serieskaparane har lukkast betre enn forgjengaren, som bana veg for denne type nettseriar.

Les også: Sju ting me aldri kjem til å gløyma frå Skam-eventyret

Skam-praten

Eg fall pladask for første sesong av Skam fordi han tok unge jenter på alvor, ei gruppe som overraskande ofte vert latterleggjort og sett ned på. Jenter skaper drama, problema deira er berre konstruerte opp. Interessene og dei popkulturelle fenomena som treff jenter vert ofte sett ned på som ei «jentegreie». Så kom Skam og tok det som angår unge jenter anno 2015 på alvor.

Eg oppdaga det sjølvsagt etter kidza, noko som òg var heilt riktig, men det var så skambra!

Misforstå meg rett, eg elskar Skam for historieforteljinga og karakterane, men på eitt viktig punkt synest eg Lovleg går Skam ein høg gong: Dei problematiserer meir enn dei moraliserer.

Les også: – «Skam» er moderne folkeopplysning

Ungdomsfasiten

Det starta for alvor i sesong 2 av Skam då Noora tok eit oppgjer med Nicolai, for ulovleg framstilling og oppbevaring av nakenbilete av ein person under 18 år. (Bileta er av ho sjølv og vart teke utan hennar samtykke då ho var berusa.) Tiraden har hausta mange lovord og kan ha lært mange ei viktig lekse om spreiing av nakenbilete, men det er ikkje einaste gongen NRK går i fella med å la ungdommane løfte den moralske peikefingeren og opptre som moralsk overlegne.

Når det i Skam dukka opp ungdomsaktuelle tema som psykisk helse, legning og religion byrja eg etterkvart å kvi meg til desse skulle kuliminere i «praten». For det var liksom alltid éin av karakterane som stod klar til å seie det riktige. Det verkar nesten som om temaa som vert problematisert skal læra oss ei lekse og gje oss fasiten på korleis det er å vere menneske.

Les også om Norges Handikapforbunds Ungdom som hadde håpa på ein karakter med funksjonsnedsetting i «Lovleg».

Je suis Gunnhild

«Handlar det om mobbing?» spurte ein ven meg då eg introduserte han for Lovleg ganske nyleg.

Nei. Det gjer jo ikkje det, sjølv om Gunnhild vert utsett for ryktespreiing som er ugrei.

Folk flest opplever oppturar og nedturar. Folk flest står ikkje klar med dei rette orda til rett tid. Dei er ikkje perfekte.

Je suis Gunnhild. Gunnhild er keitete og trynar sosialt, men reiser seg opp att. Det handlar ikkje om mobbing, abort, dick pics, utanforskap, angst, legning, karakterpress eller andre «ungdomsproblem».

Det handlar ganske enkelt om det å vere seg sjølv – på godt og vondt – det å vere menneske, saman med andre menneske.

Les også: – Ein må vere streit for å sei at «det er like greitt å vere homo» og faktisk tru på det

Kjærleikshistoria om Isak og Even har vorte hylla verda over, men kva skjer med skam etter homotoleransen. Forskarar har nytta «Skam» og samtalar med unge for å undersøka skeive ungdommars identitetsarbeid. Foto: NRK P3

Kjærleikshistoria om Isak og Even har vorte hylla verda over, men kva skjer med skam etter homotoleransen. Forskarar har nytta «Skam» og samtalar med unge for å undersøka skeive ungdommars identitetsarbeid. Foto: NRK P3

Realistisk humor

Eg synest serieskapar Wøien Håland forklarar prosjektet sitt godt når ho insisterer på at ting kan vere autentisk utan å vere biografisk. At det kan følast sant, utan å vere hundre prosent realistisk.

– Vanlegvis når du byrjar på vidaregåande, så drikk ein kaffi og les fag. Og så er det ein fest i ny og ne. Men det skjer mykje dramatisk inni ein sjølv. Eg meiner ikkje folk skal sjå serien og tenkja at det gjengir hybellivet nøyaktig slik det er, men at dei skal føla at det er sant, at det er grunna i sanne kjensler, sa serieskaparen då eg intervjua ho i samband med avslutninga av første sesong.

Abort, dick pics og livet

Det som er så deilig forfriskande med Lovleg er at ting skjer. Det er som livet, både bra og dårleg. Det går fint, men det kan òg vera tøft når ein står i det.

Gunnhild får dick pics av den eldre kjærasten, som attpåtil vert oppdaga av læraren som melde vidare til foreldre, men livet går vidare.

Sara tek abort og det går greitt, men så gjer det ikkje det likevel. Det går opp og ned.  Gunnhild skuffar ein ven, men stiller òg opp. Ho får ein kjæraste, utan at det vert gjort noko stort nummer ut av at denne kjærasten heiter Luna.

Foreldra til Gunnhild vert keitete og kleine når dottera kjem heim med Luna.

Les også intervjuet med Kristine Ryssdalsnes Horvli: – Eg føler ein lukkar karakteren om ein berre kallar ho klein

Deilig uperfekte Gunnhild

Gunnhild skuffar folk, folk skuffar Gunnhild. Gunnhild gjer noko riktig og noko feil. Ho er sjølvopptatt, men ho bryr seg òg om folk.

Det som gjer serien så bra er til sjuande og sist Gunnhild, som er så deilig uperfekt og så klok, fordi ho slett ikkje er det. Gullruten-nominerte Kristine Ryssdalsnes Horvli fortener all ros for korleis ho har forvaltar den etterkvart så elskelege hovudkarakteren.

Er det ei lekse som står att i serien er det den Sara prøver å læra Gunnhild når ho insisterer på at venninna burde lese det mest ektefølte diktet på slampoesien:

Det er for mange gongar eg snublar i trappene eller kjenslene

Det er for mange ting eg har gløymt å gjere eller gløymt å vere

Og eg tenkjer at eg ikkje heilt veit kva som skal til for å vera menneske.

Les intervju med svenske Tinna Boman, som laga denne låta då Skam-eventyret var over: