Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Korleis taklar ein at Skam er over for godt? Det har vore det store spørsmålet den siste veka. For Tinna Boman frå Malmö var svaret å setja ord på saknet i form av ein Skam-hyllest til melodien av Gabrielles «Fem fine frøkner».

«Four lovely seasons went so fast and now it’s over, and we wanted at least two more,» syng Boman i videoen ho lasta opp til YouTube før helga, moteriktig kledd i lue og Kosegruppa-genser. (Sjå filmen over.)

Til Framtida.no seier Boman at låten er meint som som eit stort «takk» til både fansen og folka som har arbeidd med å laga serien.

Ikonisk låt

– Eg skreiv låten før den fjerde sesongen hadde byrja, då eg forstod at den også skulle bli den siste og kor mykje eg kom til å sakna serien. Så eg ville skriva ein hyllestlåt til Skam frå eit fanperspektiv, seier ho.

Om valet av «Fem fine frøkner» som melodi kommenterer ho:

– Låten til Gabrielle har jo blitt ikonisk for serien, så eg tykte det kunne vera kult å gjera ein litt meir langsam og akustisk versjon av den med eigen tekst for å gi den ein litt sorgsam tone, for eg og mange andre fans var og er jo lei oss for at serien er over.

«Sa det eg tenkte»

Songen har tydelegvis treft ein nerve. «You just said what I thought in my brain», skriv ein Skam-fan i kommentarfeltet. «I never related to something so much», skriv ein annan. Fleire kommenterer også at valet av «Fem fine frøkner» var perfekt for hyllesten.

Gabrielle har over natta blitt populær utanfor Noreg takka vere Skam-suksessen, noko ho fekk merka då ho nyleg spelte på Bråvalla-festivalen i Sverige: