Ønskjer ein karakter med funksjonsnedsetting i «Lovleg»

Janne Merete Bøyum
Publisert
Oppdatert 25.01.2019 13:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi som for eksempel sit i rullestol har òg eit vanleg ungdomsliv, vert forelska, eller har kjærastar, seier Tamarin Varner, leiar for Norges Handikapforbunds Ungdom (NHFU).

Ho håpar det no skal komme ein karakter som har funksjonsnedsetting i P3-serien «Lovleg».

Les også: Lovlegskaparen: – Det er ein slags statement å sjå unge jenter drite seg ut

Kan ikkje utelukke ei gruppe med folk

Tamarin Varner meiner at ein kan ikkje utelukke ei heil gruppe i ein serie der ungdommar skal kjenne seg igjen.

– «Skam» var flinke til å vise folk i forskjellige tilstandar, og vi håpa det kom ein femte sesong der det kunne vore ein som for eksempel sat i rullestol. Men det kom ikkje ein femte sesong i det heile, seier Varner.

Men det kjem ein ny sesong av «Lovleg», det stadfesta NRK P3 før jul. «Lovleg» er i likskap med «Skam» eit nettdrama der sjåarane følgjer karakterane gjennom korte klipp og skjermpdump av innlegg på sosiale medium.

Serien er populær hjå ungdomen, og såleis også ein viktig arena. Eit ansvar serien lyt vere bevisst, ifølgje Varner:

– Når det skal vere ein serie der ungdommar skal kjenne seg igjen så kan dei ikkje utelukke ei gruppe med folk.

Leiaren i NHFU håpar såleis at ein karakter med funksjonsnedsetjing kan bidra til normalisering, slik at personar med funksjonsnedsetjing ikkje vert sett på som «dei».

Les også: Politiet overser hatkriminalitet mot funksjonshemma

Inkludering på fleire måtar

Om det skulle dukke opp ein karakter med funksjonsnedsetting, ønskjer Varner at dei gjer god undersøking.

– For at karakteren skal vere truverdig, så må ein snakke med nokon som har ei funksjonsnedsetting, og spørje dei korleis det er å vere ung med funksjonsnedsetting, seier ho.

Det er ikkje viktig med inkludering berre for representasjonen sin del, men ei slik rolle vil også opne arbeidsmarknaden for fleire.

– Det er òg mange som ønskjer å bli skodespelarar, men det fins inga rolle for dei. Så det vil òg vere inkluderande i arbeidsmarknaden med denne karakteren, avsluttar Tamarin Varner. 

Les også om ordførarkandidat Torstein Lerhol: – Eg kjem ikkje berre til å bli ein funksjonshemma ordførar