Endeleg kjem «bygde-Skam»

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

19. august kjem «bygde-Skam»

NRK P3 har no lagt ut ein liten teaser som avslører lanseringsdatoen for den nye tv-serien «Lovleg». Serien er i likheit med verdssuksessen «Skam» nettbasert og vert lagt ut på eigne nettsider med adressa lovleg.p3.no.

Les også: Sju ting me aldri kjem til å gløyma frå Skam-eventyret

Bygdefest

Den 32 sekund lange videoen avslører berre lanseringsdatoen – 19. august.

Bilete av ei flytande brygge i full fyr og lyden av jublande ungdommar til den basstunge låta «Klappa Katt» kan tyda på at me får vere med karakterane på bygdefest.

NRK P3 har halde korta tett til brystet etter at nyheita om den nye ungdomssatsinga kom.

I slutten av juni starta innspelinga av «Lovleg», der handlinga er lagt til Firda vidaregåande skule i Sandane.

Serien er produsert av NRK og Rubicon, men både serieskapar og houdrolleinnehavarane er foreløpig ukjent for publikum.

– Vi er ingen oppfølgjar til SKAM. Vi er ein heilt annan serie og det kjem alle til å sjå frå første episode, sa produsent Hege Hauff Hvattum til NRK under innspelinga.

Ho avslører at serieskaparen sjølv har vore elev ved Firda vidaregåande skule og at alle statistar og skodespelarar er frå Sogn og Fjordane.

Les også: – Galskap med ungdom på bygdefest

Hybelbuarar i Sandane

Då P3-redaktør Camilla Bjørn presenterte programmet i Kringkastingsrådet i mars fortalde ho at dei hadde lyst å utforske ei verkelegheit der 16-åringar flyttar på hybel for å gå på vidaregåande.

– Ein av tinga som verkeleg sette oss på sporet av det vi skal oppnå her, er dette spørsmålet: «Kva er det aller verste som kunne skje om du skulle flytte til ein ny stad i morgon?»

Svaret produksjonsteamet fekk frå fem 16-åringar frå Høyanger var unisont: «Å ikkje få venner!»

– Serien heiter «Lovleg» og skal lære ungdom at det går bra, sjølv når det går til helvete, forklarte Bjørn til Kringkastingsrådet.