Ho har skrive «Lovleg»

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag 23. august vart første fulle episode av NRKs nye nettdrama «Lovleg» tilgjengeleg på nett. NRK har halde korta tett til brystet, både når det kjem til skodespelarar og serieskapar.

Les også: Dette er det me veit – og ikkje veit – om nye «Lovleg»

Gunnhild og Kjersti

På rulleteksta kan ein lese at Kjersti Wøien Håland står som serieskapar. 29-åringen er utdanna tekstforfattar frå Westerdals og manusforfattar frå Den norske filmskolen i Lillehammer. Tidlegare har Framtida.no vitja den unge, lovande forfattaren på filmskulen på bursdagen hennar.

I likheit med Gunnhild i «Lovleg» er Wøien Håland frå Høyanger og budde på hybel i Sandane medan ho gjekk på Firda vidaregåande skule.

Kristine Ryssdalsnes Horvli frå Gloppen speler Gunnhild frå Høyanger, som går på Firda vidaregåande skule og bur på hybel i Sandane. Foto: Rubicon TV/NRK

Kristine Ryssdalsnes Horvli frå Gloppen speler Gunnhild frå Høyanger, som går på Firda vidaregåande skule og bur på hybel i Sandane. Foto: Rubicon TV/NRK

Wøien Håland debuterte i 2013 med diktsamlinga «Kjersti er ein fiktiv person, helsing Kjersti» og har sidan den gong gitt ut fleire romanar på Flamme forlag.

Les også: Lisa Teige frå Skam debuterer med filmhovudrolle i dansefilmen Battle

Skandinavisk samarbeid

Sidan nettdramaet framleis er under produksjon, er verken skodespelarar eller serieskapar tilgjengeleg for intervju.

Både hovudrolleinnehavar Kristine Ryssdalsnes Horvli og resten av rollebesettinga er frå Sogn og Fjordane.

«Lovleg» vert produsert av Rubicon TV for NRK/NRK P3, og er eit samarbeid med SVT og DR.

Serien er i likheit med «Skam» eit nettdrama der sjåarane følgjer karakterane gjennom korte klipp og postar på sosiale medium. Desse vert lagt ut i sanntid på lovleg.p3.no, før episodane vert vist på NRK3 torsdagar klokka 22.20.

Les også: Skam-stjerner i kvar sin nye, norske haustfilm