Det blir ikkje ein ny sesong av «Lovleg»

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det kjem diverre ikkje fleire sesongar av Lovleg. Eg skulle ønske vi kunne fortsette å fortelje historier frå hybelhuset på Sandane, skriv manusforfattar Kjersti Wøien Håland ifølgje NRK på Facebook.

Håland har sjølv gått på Firda vidaregåande skule der handlinga i NRK P3-serien Lovleg går føre seg.

Les også intervju med manusforfattar Kjersti Wøien Håland: – Det er ein slags statement å sjå unge jenter drite seg ut

Manusforfattar Kjersti Wøien Håland har sjølv gått på Firda vidaregåande skule, der tv-serien «Lovleg» er spelt inn.

Gullruten-nominert

Hovudrolleinnehavar Kristine Ryssdalsnes Horvli vart nyleg nominert til Gullruten for sin innsats i rolla som Gunnhild, ungjenta som flyttar på hybel i Sandane for å gå på vidaregåande.

I mars fortalde den ferske skodespelaren til Framtida.no om korleis det var å få sin første jobb i bransjen.

– Eg synest at det gøyaste er å spele klein, men det var kanskje lettare i sesong éin fordi eg var heilt ny og aldri hadde gjort det før. Då var ein jo nervøs. Eg var kvalm dei to første vekene av innspelinga, så då kunne ein bruka dei kjenslene inn i spelinga, sa Horvli.

«Lovleg»-skodespelar Kristine Ryssdalsnes Horvli (21) drøymer om å verte skodespelar, men vågar ikkje heilt å seie det høgt.