Kristine Ryssdalsnes Horvli er nominert til Gullruten
Skodespelaren frå Sandane er nominert for rolla som Gunnhild i NRK P3-serien «Lovleg».
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I dag var dei nominerte til årets Gullruten presentert på Edderkopen Scene i Oslo.
Laurdag 11. mai skal tv-bransjen feira seg sjølv med prisutdelinga Gullruten som vert arrangert i Grieghallen i Bergen.
Les om då Sigrid Bonde Tusvik var 20 år og takka nei til ei stor rolle i Hotel Cæsar!
Sigrid Bonde Tusvik leiar showet
Utdelinga vert sendt på TV 2 og i år igjen er det komikar Sigrid Bonde Tusvik som skal lose sjåarane gjennom showet.
I tillegg til fagprisar og publikumsprisen skal det delast ut 18 gullruter til den norske TV-bransjen.
I kategorien beste skodespelar konkurrerer debutant Gunnhild Ryssdalsnes Horvli (21) mot etablerte skodespelarar som Thorbjørn Harr og Pia Tjelta.
Les intervju med Kristine Ryssdalsnes Horvli: – Eg føler ein lukkar karakteren om ein berre kallar ho klein
Dette er dei nominerte:
Beste skodespelar:
Anne Regine Ellingsæter – Lykkeland (Maipo Film, NRK)
Kevin Vågenes – Parterapi (Seefood TV for NRK)
Thorbjørn Harr – Kielergata (Anagram Norge for TV2)
Pia Tjelta – Lykkeland (Maipo Film for NRK)
Mohammed Aden Ali – 17 (NRK for NRK)
Kristine Ryssdalsnes Horvli – Lovleg (Rubicon TV for NRK)
Beste dramaserie:
Kielergata (Anagram Norge for TV2)
Lykkeland (Maipo Film for NRK)
17 (NRK for NRK)
Unge Lovende (Monster for NRK)
Beste humorprogram:
Best før ( Seefood TV for TV 2)
Parterapi ( Seefood TV for NRK)
Hvite gutter (Feelgood SFTV for Discovery Norway)
Magnus (Viafilm og NRK for NRK)
Beste barne- eller ungdomsprogram:
ZombieLars (Tordenfilm med NRK Super for NRK)
Helsesista ( Mastiff for TV 2)
Villa Mekk ( NRK for NRK)
Lik meg (NRK for NRK)
Beste livsstilsprogram:
Folkeopplysningen (Teddy TV for NRK)
Lisenskontrolløren og livet (NRK for NRK)
Superhundene (Monster for NRK)
Eventyrlig oppussing (TMM Produksjon for Nordic Entertainment Group)
Beste nyheits-, sports- eller aktualitetsprogram:
Korrespondentene (Screen Story for TV 2)
Else om: selvmord (Mastiff for TV2)
Åsted Norge (Mastiff for TV 2)
URIX: Grenseløs – Klimaarven (NRK for NRK)
Beste TV-dokumentar:
Når knoklene blir til gelé (Norsk fjernsyn for VGTV)
Hatets vugge (UPNorth film for NRK)
Daniel og Simen (Hulias Film for NRK)
Brennpunkt: En søsters kamp (NRK for NRK)
Beste dokumentarserie:
URO (Pandora Film AS for NRK)
Helene sjekker inn (NRK for NRK)
Overleverne (NRK for NRK)
Sinnssykt (NRK for NRK)
Beste programleiar:
Else om: selvmord – Else kåss Furuseth (Teddy TV for Discovery Norway)
Det jeg ikke fikk sagt – Solveig Kloppen – (TV Wonder for TV 2)
VM sjakk – Line Andersen (NRK for NRK)
På tur med Dag Otto – Kristian Ødegård og Dag Otto Lauritzen (Seefood TV for TV 2)
Nytt på Nytt – Bård Tufte Johansen ( NRK for NRK)
Dagsrevyen – Yama Wolasmal (NRK for NRK)
Årets deltakar:
Melina Johnsen – Ex on the beach (Rubicon for Discovery Norge)
Svein Rosseland og Mona Tømran – Ja vil elsker camping (Rakett TV for Discovery Norge)
Joakim Mäkiperä og Sara Hansson Ishqair – Gift ved første blikk (Rakett TV for Discovery Norge)
Andreas – Superhundene (NRK for NRK)
Årets nyskaping:
Kongen av Gulset (Spark for NRK)
Villmark uten voksne (Novemberfilm for TV2)
Else om: selvmord (Teddy TV for Discovery Norway)
I lomma på Silje (Rubicon TV for Nordic Entertainment Group)
Publikumsprisen: Jørgine Vasstrand, Lars Monsen, Solveig Kloppen, Bård Tufte Johansen, Silje Sandmæl, Vegard Harm og Morten Hegseth, Kevin Vågenes, Else Kåss Furuseth, Nicolay Ramm, Linn Skåber, Svein Østvik, Anne Lindmo.