Klima og miljø

Frp sår tvil om klima-vitskapen

Sigrid Døving Bjerke (25)
Leiar av klima- og naturutvalet i AUF
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Vi lever ikkje lenger i ei tid der klimaendringar er ein trussel i framtida, konsekvensane av global oppvarming skjer her og no. Tørke, flaum, smeltande isbrear, varmerekordar og ekstremvêr har blitt vanlege innslag i nyheitsbildet. Samstundes er det brei, internasjonal vitskapleg einigheit om årsaka: Menneskeleg aktivitet, særleg forbrenning av fossile brensel, har ført til ei dramatisk auke i klimagassar i atmosfæren. Verdas fremste klimaforskarar er klare: Klimaendringane vi opplever i dag, er i hovudsak menneskeskapte. Ei av dei største truslane mot jorda og kommande generasjonar er noko vi sjølve har skapt.

Difor er det ganske sjokkerande at Framstegspartiet i partiprogrammet sitt framleis har formuleringar som antydar det motsette. Partiet skriv mellom anna at «det forskes for lite på naturlige klimaprosesser» og etterlyser «åpen, kritisk debatt rundt årsaker til, og omfanget av klimaendringer.» Under dekke av å fremme balanse og «føre-var-prinsippet» er Frp med på å så tvil om noko det ikkje finst vitskapleg ueinigheit om.

Dette er ikkje berre useriøst, det er farleg.

Krystallklar vitskap

For sjølv om det er sant at klimaet har variert naturleg gjennom jorda si historie, er dagens tempo og mønster for oppvarminga ikkje naturleg. Den globale gjennomsnittstemperaturen har alt stige med 1,1 grad sidan rundt 1750, og temperaturen stig raskare enn forskarane nokon gong har observert. Vintrane i Noreg har blitt kortare. Ekstremvêr blir meir dødeleg. Det finst mange døme på konsekvensane av klimakrisa, og eg håpar eg ikkje er åleine om å merke at eg er i ferd med å bli litt nomen for det. At dette skuldast menneskeskapte klimagassutslepp, er ikkje kontroversielt blant forskarar. Rundt 97–100 % av publiserte klimaforskarar støttar dette synet. Det er nær så sterk einigheit som det går an å få innan vitskapen.

Så kvifor insisterer Frp på å problematisere det mest grunnleggande innan klimavitskap? Kanskje for å gi seg sjølv rom til å nedprioritere klimatiltak. Kanskje for å legitimere å ikkje gjere noko. Kanskje fordi det er enklare å ignorere problemet enn å ta tak i det.

Vitskap under angrep

Dette er ikkje ny populisme frå Frp, men det må kritiserast hardare no. Som det største partiet på borgarleg side er ansvarsfråskrivinga alvorleg. For vitskap og forsking er under angrep. Trump-administrasjonen har sparka hundrevis av klimaforskarar, sletta data knytt til klimaendringar, og trekt USA ut av internasjonalt klimaarbeid.

Som eit parti som er så oppteke av å understreke at Noreg ikkje har ein eigen atmosfære og at klimapolitikken må vere global, skulle ein tru at dette uroa Frp meir. Stilla deira gjer det lett å tenkje at det handlar meir om å sleppe å ta ansvar sjølv.

Det er ikkje lenger nok å seie at dette berre er «typisk Frp». Når dei aktivt utfordrar grunnlaget for klimahandling, må det møtast med kritikk. Ikkje fordi vi treng fleire moralske peikefingrar, men fordi vi treng meir handling.

Ikkje ein truverdig debattant

Vi treng debatt om kva tiltak som er effektive, rettferdige og gjennomførbare. Her kan det vere ulike og heilt legitime meiningar. Men Frp er ikkje ein truverdig deltakar i denne debatten, så lenge dei sår tvil om heile føresetnaden for han.

Det er ikkje rart at mange slit med motivasjonen i møte med klimakrisa. Men det er viktig å vite at det finst ting som går i rett retning, og kvar desimalgrad med oppvarming forhindra tel. Vi er mange som ønskjer at det skal gå raskare, og det er ikkje slik at dei som ikkje ønskjer det, kan velje vekk konsekvensane av nettopp det valet. Klimakrisa er her og vil påverke oss alle, uansett kva vi gjer. Klimapolitikk blir skulda for å vere dyrt, men ekstremvêr og straumar av klimaflyktningar frå område det ikkje lenger går an å leve i, blir endå dyrare.

Spørsmålet no er ikkje om klimakrisa finst, men korleis vi skal forhalde oss til henne. Frp stikk hovudet djupt ned i sanden, men det vil ikkje skjerme høgresida frå stormane som kjem.