Politikk og samfunn

«Transpersonar blir ikkje respekterte av norsk helsevesen»

Behandlingstilbodet til transpersonar og ikkje-binære treng ikkje berre eit stort løft, men ei oppreinsking av utdaterte haldningar og uakseptable praksisar, skriv Jamie Jægersborg.

Jamie Jægersborg (23)
Organisatorisk nestleiar i Seksualpolitisk nettverk for ungdom (SNU)
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er omsett til nynorsk av redaksjonen.

Tidlegare i haust blei det avslørt at Oslo Universitetssykehus har utført ulovleg forsking på over 1700 barn og unge pasientar. Dette gjeld pasientar ved Rikshospitalets nasjonale behandlingsteneste for kjønnsinkongruens (NBTK), som behandlar norske transpersonar.

Sjukehuset har henta svært sensitive opplysningar frå journalar til mindreårige pasientar, utan samtykke frå pasientane eller deira føresette. Dette er eit aktlaust brot med retningslinjer om forskingsetikk og pasientsikkerheit. Sjukehusets eige reielegheitsutval slår no fast at studien var uetisk gjennomført. At studien er gjennomført på mindreårige i ei allereie utsett pasientgruppe, er spesielt problematisk.

Ikkje første gong

Det er langt frå første gong NBTK har fått sterk kritikk om mangelfull forskingsetikk. I 2022 kom avdelinga under sterk kritikk for innblanding av spørsmål frå forskingsstudiar i utgreiing og behandling av pasientar. Spørsmål frå studien, SOBER, går inn på personlege og sensitive tema som onani og bruk av kjønnsorgan. Pasientar rapporterer å føle seg pressa til å svare på ukomfortable spørsmål. Fleire opplever også mangelfull informasjon om kva som er ein del av utgreiinga, og kva som skal vere frivillig forskingsdeltaking.

Avsløringa om ulovleg forsking på unge transpersonar er siste i ei rekke av sterke kritikkar mot avdelinga, inkludert konsekvent avvising av ikkje-binære pasientar, mangelfull oppfølging av internasjonale retningslinjer og ei stereotypisk forståing av kjønn og kjønnsuttrykk.

Dette er langt frå måten eit norsk sjukehus skal oppføre seg. At pasientrettar blir haldne og respektfull behandling er det minste pasientar burde kunne forvente når dei møter opp til det offentlege helsevesenet. Men dette er ikkje kvardagen til norske transpersonar, som blir pressa til å gå gjennom eit system som demonstrerer svært lite respekt for ei allereie utsett pasientgruppe.

Uakseptabelt

Gjentatte saker som viser uetisk forsking på pasientar frå norske sjukehus ville ikkje ha blitt akseptert om noka anna pasientgruppe. Transpersonar opplever at vår kroppslege autonomi og våre pasientrettar igjen og igjen ikkje blir tatt på alvor. Dette er uakseptabelt.

Vi i SNU vil fortsetje arbeidet mot eit samfunn og helsevesen som behandlar transpersonar på ein verdig måte. Alle har rett på god helsehjelp og god seksuell helse, inkludert minoritetar som transpersonar. Behandlingstilbodet til transpersonar og ikkje-binære treng ikkje berre eit stort løft, men ei oppreinsking av utdaterte haldningar og uakseptable praksisar.