– Det er ein slags statement å sjå unge jenter drite seg ut

…men at verda ikkje går under av det, meiner Kjersti Wøien Håland. Manusforfattaren bak Skam-oppfølgjaren Lovleg har sjølv gått på Firda vidaregåande skule.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vert det ein sesong 2 av Lovleg?

– Det kan eg ikkje sei, smilar Kjersti Wøien Håland lurt.

Den snart 30 år gamle sogningen har allereie rokke å gje ut fire bøker og debutere som manusforfattar for den nye P3-satsinga som har vorte omtalt som bygde-Skam.

Torsdag er det klart for tiande og siste episode av første sesong av Lovleg.

Det er ein del ting ho rett og slett ikkje kan sei, men endeleg har NRK gått med på å la Framtida intervjua manusforfattaren av den nye P3-satsinga. I likheit med skodespelarane vart det halde hemmeleg kven som hadde skrive serien heilt fram til første episode vart sleppt 23. august.

Les også: Dette er det me veit – og ikkje veit – om nye «Lovleg»

Kva betyr det å ha fridom?

I nettdramaet Lovleg møter me Gunnhild, som flyttar på hybel på Sandane for å gå på Firda vidaregåande skule.

– Ho har ikkje hatt så mange vener. Plutseleg lever ho veldig tett på masse folk og må deale med å vere utan sikkerheitsnett og teste ut det å vere vaksen. Kva betyr det å ha fridom, og kva betyr det å ha ansvar, forklarar Håland.

I løpet av sitt første semester på vidaregåande kjem Gunnhild borti problematikk knytt til mellom anna angst, ryktespreiing, nakenbilete og abort.

Les innlegget: Gutar, kven har bede dykk halde kjeft i debatten om nakenbilete?

– Eg ville ha ein hovudkarakter som ikkje alltid seier dei riktige tinga og som føler seg veldig sosialt utilpass. Men som er veldig proaktiv i å fikse det. At ho kunne vere litt klein utan å vere passiv, forklarar Kjersti Wøien Håland om Gunnhild (Kristine Ryssdalsnes Horvli). Foto: P3

Lovleg på nynorsk

Håland pitcha serieideen på strak arm til sjefen sin i produksjonsselskapet Rubicon, før dei saman tok det med til P3.

Derifrå gjekk det slag i slag, men det var ein lang prosess som førte fram til tittelen Lovleg. Akkurat kva som var årsaka til tittelvalet vil ho ikkje avsløra før serien er heilt ferdig.

– Men eg er ganske happy med tittelen. Me ville at det skulle vere eit ord som er nynorsk. Det måtte ikkje vere slik, men eg hadde synest det var kult om det var eit ord som stavast annleis på nynorsk, fordi det er ein markør for serien.

Les også: Gjev ut Skam-manus i bokform

Å hoppa etter Skam

På same måte som Skam vert historia skildra i sanntid med små klipp og oppdateringar frå sosiale medium, som vert lagt ut på nettsidene lovleg.p3.no, før dei rundt 20 minutt lange episodane kjem ut kvar torsdag.

Den ferske manusforfattaren, som er utdanna ved filmskulen i Lillehammer, legg ikkje skjul på at det å lage seriar i same format som Skam er litt som å hoppe etter Wirkola.

– Skam var jo openbert ein kjempesuksess, og noko eg personleg er veldig fan av. Ein var kanskje litt redd for å bli samanlikna fordi det gjekk så bra. Dei har jo slått ned masse dører og eg trur ikkje det hadde vore mogleg å gjere den tingen om igjen, fordi det var så unikt, seier Håland.

Ho ser òg at det å nemne Skam kan vere ein fordel, fordi det vekkjer ei interesse blant publikum.

Lovleg har langt ifrå same sjåartal som verdssuksessen Skam, men Aftenpostens meldar meinte at serien skildrar skamfølelsen enda betre enn forgjengaren.

Skulle Kjersti Wøien Håland (29) laga filmen om sitt eige liv hadde det vorte ei komedie.

Autentisk utan å vere biografisk

Manusforfattaren kjem i likheit med hovudkarakteren Gunnhild frå Høyanger i Sogn og Fjordane og flytta til Sandane for å bu på hybel.

Men Håland understrekar at Lovleg ikkje er eit prosjekt som framstiller ekte menneske.

– Fiksjon er fiksjon. Ein byggjer karakterar. Sjølvsagt er ein inspirert frå ulike stader og ting, men eg er ikkje interessert i at det skal vere «ein-til-ein»-framstilling. Eg synest at ting kan vere autentisk utan å vere biografisk. Det kan føles sant utan å vere hundre prosent realistisk, seier 29-åringen.

Les også: Sju ting me aldri kjem til å gløyma frå Skam-universet

Livet som komedie

Ho skildrar Lovleg-universet som litt meir komisk og «quirky» enn Skam og dei andre P3-satsingane som har nytta den same digitale forma.

– Ein del folk synest at humor i seg sjølv ikkje er realistisk eller truverdig. Men om eg skulle laga mitt liv i ein sjanger så hadde det vore ein komedie, fordi eg trynar rundt kvar einaste dag og ser verda veldig mykje gjennom humor, seier Håland.

Ho meiner verkelegheita er litt absurd og har freista å ta dette blikket inn i serien.

Serieskaparen føler ikkje ho har fått noko mandat til å skildre ungdom i distrikta, men håpar at sjåarane føler ho skildrar dei med respekt.

– For meg er ikkje humor å gjere narr av. Humor er ein måte å sjå verda på og ein fin måte å fortelje om ting som ikkje er så greitt, men som går bra likevel…viss du skjønar.

Første skuledag

Der Skam og Blank hadde ein litt meir dokumentarisk uttrykk, har Lovleg valt ein litt anna stil.

–  Vanlegvis når du byrjar på vidaregåande, så drikk ein kaffi og les fag. Og så er det ein fest i ny og ne. Men det skjer mykje dramatisk inni ein sjølv. Eg meiner ikkje folk skal sjå serien og tenkja at det gjengir hybellivet nøyaktig slik det er, men at dei skal føla at det er sant, at det er grunna i sanne kjensler sjølv når det er skrudd litt opp.

Likevel har ho latt seg inspirera av nokre eigne erfaringar.

Ei scene som betyr spesielt mykje for manusforfattaren er første skuledag, når Gunnhild kjem og ser alle dei andre klemma kvarandre som om dei kjenner kvarandre.

– Den kjensla hugsar eg veldig godt at eg hadde. I verkelegheita står nok alle der og lurer på kvar dei skal gjer av seg. Men fordi du er deg, så føler du at alle andre kjenner kvarandre.

Les også: Firda vidaregåande skule får pris for arbeidet sitt med likeverd og inkludering

Kjersti Wøien Håland henta inspirasjon frå si eiga oppleving då ho skildra Gunnhild sitt blikk på dei andre første skuledag. Skjermdump

Awkward heltinne

Håland skildrar hovudpersonen Gunhild som «sosialt utilpass», men proaktiv. Ho gjer mykje, har mange prosjekt og er ikkje framand for verken fest eller litt klining.

– Ein har kanskje ikkje sett så mange kvinnelege hovudkarakterar som er sånn. Som er kleine og spring rundt og spyr i søppelkasser. Som har ei blanding av mot og awkwardness. Eg er veldig glad i seriar som Parks and Rec, der det er bra kvinnelege karakterar, men det er ikkje nødvendigvis fordi dei er perfekte. Det er fordi dei ikkje er perfekte.

Sjølv om Håland har sett ei oppblomstring av mangefasetterte kvinner på skjermen føler ho at mange roller framleis er passive, eller har ting for mykje på stell.

Ikkje Wonder Woman

Ho er oppteken av at sterke kvinnelege hovudroller ikkje nødvendigvis betyr at dei må vere så bra.

– Det kan vere ei rolle som er litt ute og køyre. Som prøver seg fram og ikkje heilt får det til. Det er ein type karakter som alltid har betydd veldig mykje for meg. Dei som ikkje er Wonder Woman, men som er quirky og prøver på ting som ikkje alltid går som ein ønska, seier Håland.  

Dette synest 29-åringen er sterkt å sjå, fordi ho personleg kjenner seg att.

–  Det er ein slags statement å sjå unge jenter drite seg ut og at ikkje verda går under av at ein ikkje såg heilt perfekt ut eller sa perfekte ting, men fekk lov å vere heile menneske. Dei kan vere kleine og bra og sårbare, og til tider seie dei verkeleg riktige tinga.