Kristine Ryssdalsnes Horvli var kvalm dei to første vekene av innspeling

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg føler ikkje eg kan gå så mykje i gult. Eg gjekk faktisk litt i gult før, men no føler eg det er Gunnhild, seier Kristine Ryssdalsnes Horvli.

Ho må likevel medgje at ho eigentleg har litt lyst på den gule dongerijakka til Lovleg-karakteren.

Dramalinja på Firda

21 år gamle Kristine Ryssdalsnes Horvli frå Sandane er betre kjent for det norske folk som karakteren Gunnhild i NRK P3-serien Lovleg.

Gunnhild går nesten alltid i gult. Ho er 16 år, kjem frå Høyanger i Sogn og Fjordane og flyttar inn på hybel på Sandane for å gå på studiespesialiserande linje på Firda vidaregåande.

Der har òg skodespelar Kristine Ryssdalsnes Horvli gått, men på dramalinja.

– Eg er veldig kreativ og har behov for å få utløp for det på ein eller annan måte. Så var eg ikkje noko flink i dans. Eg gjekk på dans då eg var yngre, men eg klarte ikkje henge med, fortel 21-åringen.

Spekulasjonar

Då NRK P3 lanserte sesong 2 med eit kort, mystisk klipp i januar spekulerte fansen i om Luna var den nye hovudkarakteren. Det viste å ikkje stemme. Det er framleis Gunnhild det handlar om, men Luna har ei stor rolle som Gunnhild si nye flamme.

Bakfull på audition og vidaregåandefest

Då Horvli gjekk på audition til rolla som Gunnhild i Lovleg i Oslo visste ho ikkje meir enn at det var ein NRK-serie som handla om ei jente som skulle flytta på hybel på vidaregåande skule på Vestlandet.

– Første gong eg gjekk på audition var eg bakfull og stod opp klokka ni, så eg var litt sånn: Skal eg gå, eller skal eg ikkje gå? Eg gjekk og byrja å tulle litt, så merka eg at dei lo litt, fortel Kristine, som fekk ei god kjensle då ho merka responsen på impro-oppgåvene ho fekk.

Trur du det hjalp å vera bakfull?

– Det høyres jo teit ut, men eg trur det hjalp. Ein vert jo gjerne nervøs i ein auditionsituasjon, men eg følte berre at det var fint vêr og eg var glad den dagen, så brukte eg det i spelet, seier Horvli, som medgjev at ho kanskje tok litt lett på det i første runde.

Etter kvart vart det meir alvor, men det var først då tredjeaudition var på Sandane at ho skjøna kor handlinga skulle vere.

Horvli hadde likevel ikkje noko kjensle av å ha heimebanefordel.

– Mange av dei som var på audition var litt yngre enn meg og gjekk på vidaregåande. Eg følte meg litt teit som var der. Eg er jo ikkje gamal i det heile teke. Og eg ser jo ung ut, det veit eg. Men eg følte meg litt som ein person som dukkar opp på ein vidaregåandefest som er 25, liksom.

Les også intervju med manusforfattar Kjersti Wøien Håland: – Det er ein slags statement å sjå unge jenter drite seg ut

Kampen om KHiO

Når Framtida.no møter Kristine Ryssdalsnes Horvli på ein kafé i Oslo søkjer ho «alt mogleg» av jobbar. Skodespelarlivet er kanskje ikkje så glamorøst som ein skulle tru.

Etter å ha fullført vidaregåande gjekk Horvli vidare på Romerike folkehøgskule, dramaskulen dei med skodespelarambisjonar soknar til. Som så mange andre av sine medelevar gjekk ho derifrå vidare til å søkja «KHiO», som er nemninga ho brukar om skodespelarutdanninga ved Kunsthøgskulen i Oslo.

Og det er derifrå Horvli har det meste av auditionerfaringa si. Ho har nemleg vore på tredjeaudition til utdanninga to gonger.

Les også: NHFU ønskjer ein karakter med funksjonsnedsetting i «Lovleg»

Døra i trynet

Første gongen var ho 18 år og ifølgje seg sjølv altfor ung.

– Ein føler jo at ein står på dørstokken og får ei dør slengt i trynet. Då eg var 18 og kom dit skjøna eg ikkje kva eg heldt på med. Men no når eg var der var det berre kjempegøy, seier Horvli.

Etter to rundar føler ho at ho har vorte flinkare på å takla auditionsituasjonen og ho kan stadfesta at ja, det vert ein ny runde i år.

– Eg trur dei færraste søkjer på KHiO og trur dei skal kome inn, så det er kanskje lettare å takla avslag der enn frå andre ting. Men ein vert jo nedfor når ein får eitt nei.

Kristine har lyst å driva med skodespel og kunne tenkt seg å stå på ei scene ein gang, men er ikkje heilt sikker på kor mange gongar ho er innstilt på å søkja teaterhøgskulen.

– Genseren er faktisk den same som Sara har. Ho har så kul stil, seier Kristine Ryssdalsnes Horvli. Ho vil ikkje at folk skal forveksle ho med karakteren Gunnhild.

Få meg vekk, for faen

Då Kristine Ryssdalsnes Horvli endeleg fekk tilbod om rolla som Gunnhild i Lovleg var ho først ikkje sikker på om ho skulle takka ja, fordi det innebar at ho måtte slutta på studiet i drama- og teaterkommunikasjon ved Oslomet.

– Det var eg usikker på om eg ville. Eg var òg usikker på om eg ville tilbake til Sandane. Eg likar meg veldig godt der, men alle venane mine er jo flytta vekk, seier Horvli.

Ho må medgje at draumen ikkje er å flytta heim att og at ho har bak seg ein opprørsk «fjortis emoperiode» ala Alma i Få meg på, for faen der ho «i allfall ikkje skulle bu på Sandane».

Ein samtale med hennar tidlegare dramalærar var noko av det som tippa vektskåla og førte Horvli inn i den litt sosialt keitete antiheltinna.

Kutt ut ordet klein

– Førsteinntrykket mitt var at ho var veldig usikker og at ein då har lett for å sjå på ho som ein komisk karakter, men at det er ein grunn til at ho er som ho er, seier Kristine om rollefiguren sin.

Gestikuleringane som er karakteristiske for Gunnhild speglar det som er på innsida, men gjennom sesong ein og to kan sjåarane følgja ein tenåring som vert tryggare på seg sjølv og «mindre klein».

– Men eg likar ikkje heilt det ordet klein. Eg føler ein lukkar karakteren om ein berre kallar ho klein.

–  Kva ord vil du heller bruka?

– Sosialt utilpass. Klein er på ein måte… eg føler det er nedlatande. Eg synest ikkje ein skal snakka slik om ein 16-åring, seier Kristine.

Gunnhild kjem stadig opp i det som kan kallast kleine situasjonar: 

Frykta for kommentarfeltet

At serien vart fronta i media som «den nye SKAM» var òg ein av grunnane til at skodespelaren tvilte på om ho skulle takka ja.

Før første sesong var 21-åringen «livredd for det der kommentarfeltet».

– Om ein hadde vore med i ein film, så stoppar ein jo ikkje filmen kvart andre minutt og lar folk kommentere. Her får ein jo tilbakemelding kvart andre minutt, seier Horvli.

– Eg følger jo med. Og det er så teit for ein får jo veldig mange fine kommentarar, men så er det den eine som krev 50 andre positive kommentarar for at ein skal gløyme den. Om det gjev meining? Ein er jo bygd opp slik at ein vert meir såra av negative kommentarar enn gleda av positive kommentarar.

– Men det går mykje betre no, forsikrar Horvli.

Les også: Sju ting me aldri kjem til å gløyma frå Skam-eventyret

Kristine vs Gunnhild

Ein av tinga 21-åringen har vore redd for er at folk ikkje skal klara å skilja ho frå karakteren Gunnhild.

– Men så er det så stygt å seie det òg, for ein vil jo fremja karakterar som ikkje er så kule og som går på trynet. Men så har ein jo høyrt folk som seier: «Herregud, er ho slik i verkelegheita», så ein blir jo redd for å bli sett på som ein klovn, seier 21-åringen.

For skodespelaren handlar det både om det at ho håpar folk ikkje ser på ho som ein skodespelar som ikkje kan spela i noko anna, men òg den ibuande frykta me alle har for å ikkje bli likt.

– Den karakteren blir jo ikkje likt av alle og det er jo ei innebygd frykt i oss: Den redsla for kva folk synest om ein. Ein vil alltid bli oppfatta som noko positivt, seier Kristine.

– Korleis var du sjølv som 16-åring?

– Nei… Eg var jo usikker. Kanskje litt slik som ho, men eg føler jo det er det same for alle som byrjar på vidaregåande: Ein er jo redd for å ikkje passa inn i det nye miljøet, men òg den balansen i at ein føler ein er vaksen og går på vidaregåande, men at ein er under 18.

Å cringe

Ho kan kjenne seg att i karakteren Gunnhild i det at ho kan vere følsam og nærtakande, men har nok ikkje heilt same reaksjonsmønster som 16-åringen frå Høyanger.

– Eg synest at det gøyaste er å spele klein, men det var kanskje lettare i sesong ein fordi eg var heilt ny og aldri hadde gjort det før. Då var ein jo nervøs. Eg var kvalm dei to første vekene av innspeling, så då kunne ein bruka dei kjenslene inn i spelinga, forklarar 21-åringen.

Ho håpar sjåarane både kan verte rørt og le av karakteren.

– At folk cringer synest eg berre er gøy. Det er jo poenget.