Politikk og samfunn

«La lærarar få vere lærarar!»

– Læraren skal få vera lærar – ikkje alt anna, skriv Sara Clarke i Voss Unge Høgre.

Sara Michelle Dugstad Clarke (19)
Leiar i Voss Unge Høgre
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette innlegget vart først publisert hjå Avisa Hordaland.

Då eg gjekk på grunnskulen, fungerte ikkje læraren berre som undervisar, men også som psykolog, miljøarbeidar, fredsmeklar – og gud veit kva anna.

Når læraren vert pålagd så mange roller, går det ut over det aller viktigaste: nettopp undervisninga.

Voss Unge Høgre meiner at læraren si rolle i klasserommet primært skal handle om undervisning, og klasseleiing.

For i den norske skule i dag, veit vi at 1 av 4 ungdomsskuleelevar slit med lesing og skriving, og heile 1 av 3 ikkje meistrar enkel matematikk.

Tala snakkar for seg sjølv, men dette er djupt bekymringsverdig i eit land kor vi siktar etter å ha verdas beste skule. Derfor må vi ta grep.

Læraren skal få vera lærar – ikkje alt anna.

Elevane fortener eit klassemiljø der læring står i sentrum, og det krev at vi lar lærarane gjere det dei kan best: nettopp å undervise.