Veit du ikkje kva du skal lesa i dag? Fortvil ikkje! Framtida.no har samla sine beste tips.

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 12.11.2018 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På lista over «mindre seriøse merkedagar» Framtida.no vel å framheve, er Les ei bok-dagen ein av dei betre.

(Den bør ikkje forvekslast med FN sin Verdas bokdag som er ein av dei dønn seriøse merkedagane Framtida.no vel å framheve!)

The Handmaid’s Tale (Tjenerinnens beretning) av Margaret Atwood er sjølvskriven på lista «5 bøker for unge feministar». Foto: Aschehoug

«The Handmaid’s Tale» (Tjenerinnens beretning) av Margaret Atwood er sjølvskriven på lista «5 bøker for unge feministar». Foto: Aschehoug

For det å lese bøker har mange postitive følgjer. Å lese for små born utviklar språkferdigheitene deira, og det kan gjere deg betre til å tolke andre menneske sine tankar og kjensler.

I oktober kunne du på Framtida.no lese innlegget til Felix Hammon på 15 år, som meiner at å lese skjønnlitteratur endrar livet hans for kvar bok han les, og 18 år gamle Johannes Leidal ser på bøker som døropnarar – dei let han forstå verda, ikkje berre kjenne til ho.

Det same unnar vi alle dykk!

Difor har vi samla opp våre beste boktips:

5 bøker for unge feministar!

5 bøker om feminisme!

Romanen «Stoner» (1965) av John Williams har vorte ein snakkis og skal no filmatiserast med Casey Affleck i hovudrolla. Romanen er på lista over «4 meisterverk som ikkje hamnar på topplistene». Foto: Cappelen Damm

Romanen «Stoner» (1965) av John Williams skal filmatiserast med Casey Affleck i hovudrolla. Romanen er på lista over «4 meisterverk som ikkje hamnar på topplistene». Foto: Cappelen Damm

5 kroppspositive ungdomsbøker!

5 bøker om mental helse!

5 bøker for den reiseglade!

5 klassikarar for mørke kveldar!

5 bøker for deg som likar naturvitskap!

Skeive ungdomsbøker alle bør lese!

Alle bør lese 12 bøker om homoar!

4 meisterverk som ikkje hamnar på topplistene!

Ti bokfavorittar på nynorsk frå 2017!

…og det er framleis ikkje for seint å lese 5 bøker du burde ha lese i sommar!

God lesing!