Skrekklitteratur – ein sjanger for dei som føler seg utanfor
«Skrekkbibliotekaren» er ganske pysete, men elskar litteratur som kan skremme han.
– Fleire byrjar å forstå kva skrekk kan vere. Det er meir enn berre spøkelse, seier Vetle Gunnar Håkansson på telefon til Framtida.
Han er også kjent som «Skrekkbibliotekaren» på Instagram og TikTok, og brenn for sjangeren skrekk.
Han har tydelege minne av å lese Ulvene i Veggen av Neil Gaiman i andreklasse, og at han ikkje fekk sove etterpå.
– Det er ei av dei mest traumatiske opplevingane eg har vore gjennom. Det er også noko av det beste eg har vore gjennom.
Å utfordre frykta meiner han er ein viktig grunn til at folk likar skrekksjangeren. Håkansson fortel at han sjølv alltid har vore veldig pysete.
– Så det å kunne utforske mange av dei fryktene eg har hatt for verda gjennom trygge rammer, som er skrekklitteraturen, har vore veldig godt for meg.
Ein sjanger for dei som føler eg utanfor
Ein grunn til at skrekk er så viktig for mange, meiner Håkansson kjem av at det er ein inkluderande sjanger. Som ein skeiv person har han alltid følt seg litt utanfor.
– Og det finst ingen betre sjanger enn skrekksjangeren for å møte og lese om andre som er utanfor, det er det skrekksjangeren er bygd på.
Han fortel at han slutta å lese bøker sjølv i fjerdeklasse, og plukka dei ikkje opp att før på vidaregåande. Då var det klassikaren Frankenstein av Mary Shelley som var nøkkelen til lesehjartet. Det misforståtte «monsteret» blir utstøytt av alle i samfunnet. Den einaste som vil lytte til han, er ein blind person, som sjølv står utanfor samfunnet.
Håkansson trur mange minoritetar, inkludert skeive, kan føle seg som skapnaden til Frankenstein.
– Ofte kjenner vi oss att i desse fråstøytte folka som blir skrivne om i skrekklitteraturen.
Skjult norsk skrekk
Skrekkbibliotekaren vil gjerne ha meir norsk skrekk enn det som finst i butikkane. Samstundes meiner han at fleire bøker som blir gitt ut er skrekk, utan at forlaga og bokbutikkane promoterer det slik.
Han meiner det meste som ikkje er tydeleg krim eller romanar ofte kan falle mellom to stolar i norsk bokbransje.
– Eg kjem nok alltid til å ønske meg meir norsk skrekk, men når det først blir gitt ut, blir det sjeldan marknadsført som skrekk, seier han.
Han trekker fram romanen Dyrisk av Ellen Støkken Dahl, som kom ut i fjor, som eit godt eksempel på dette fenomenet.
– Ho vart aldri marknadsført som ei skrekkbok av forlaget, men eg meiner det er veldig tydeleg skrekk.
Manglande marknadsføring, tyder ikkje at ungdommen ikkje er interessert. Det merkar Håkansson hjå internettgenerasjonen, og peikar på kulturen for å fortelje skrekkhistorier og creepypasta.
– Det er ikkje mange ungdommar ein pratar med i dag som ikkje veit kva Five Nights at Freddys er, eller kven Slenderman er.







