Synne Grimen Hammervoll
Publisert
Oppdatert 01.09.2018 08:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Profetien av Maggie Stiefvater

Kvart år går spøkelsa av dei som skal døy det neste året gjennom ein kyrkjegard, og Blue og mor hennar har som tradisjon å loggføre namna til dei døyande menneska.

Dette året er det tanta som er med for å snakke med spøkelsa. Og denne gongen ser Blue, som ikkje er klarsynt sjølv, for første gong ein skikkelse.

Det kan berre ha to årsaker, forklarar tanta. Anten er det den Blue er meint å elske, eller så er det ho som drep han. Blue har alltid visst ein ting: om ho kyssar den ho elskar, kjem han til å døy.

Når ho seinare møter guten ho veit kjem til å døy blir ho trekt mot han og vennegruppa hans, til trass for at ho har ein regel: å halde seg vekke frå ravnegutar, elevane ved den lokale privatskulen. Snart blir ho trekt inn i Gansey og gjengen hans sin jakt på daude kongar og magi.

Den første boka i ein serie på fire har endeleg blitt omsett til norsk. Dette er ein serie med spenning, sterke karakterar og ei perfekt mengde med magi.

Les også: Klart for ny bok, men ikkje den du ventar på

En av oss lyver av Karen McManus

Om du vil ha ei bok med litt meir mystikk, er denne for deg.

Fem veldig forskjellige tenåringar må sitje att på skulen. Men til skilnad frå The Breakfast Club, kjem ikkje alle ut igjen.

Simon, som står bak skulen sin sladreapp, døyr før timen er over. Snart er dei fire andre berykta, både på skulen og nasjonalt sett då det viser seg at Simon hadde planlagt å legge ut rykte om alle dei fire dagen etter at han døydde.

Både politiet og media vil ha svaret på kva som skjedde med Simon. Det vil òg kvar av dei fire ungdomane boka følgjer i forskjellige kapitlar. Men snakkar alle sant?

Dette er ei bok med masse spenning, og ei gruppe med karakterar som alle har noko dei ønskjer å skjule. Denne er vanskeleg å leggje frå seg.

Les også: 5 bøker med skeive ungdomskarakterar alle bør lese

The Hate U Give av Angie Thomas

Dette er kanskje ei av dei mest tidsaktuelle bøkene om rasisme og politivald for unge.

Starr Carter har levd eit dobbeltliv. Ho er ein av dei få mørkhuda personane på privatskulen ho går på, men bur i eit fattig mørkhuda nabolag. Når ho blir vitne til at barndomsvenen Khalil blir skutt og drept av politiet medan han ikkje var bevæpna, og det oppstår mediepress og rykter rundt hendinga blir det vanskelegare å balansere dei to verdene.

Starr må ta eit val, men kan ende med å miste venskap og å setje seg sjølv i fare.

Ei bok om venskap, rasisme og ærlegheit, sterkt inspirert av Black Lives Matter-bevegelsen. Tittelen spelar på forkortinga THUG, og Tupac sitt uttrykk THUG LIFE, eit akronym for «The hate you give little infants fucks everyone». Uttrykket peikar på at hatet ein rettar mot unge vil slå tilbake på alle til slutt.

Les også: No er det fantasy og dystopiar som gjeld

Since You’ve Been Gone av Morgan Matson (Engelsk)

Emily og Sloane har vore besteveninner i fleire år, men når Sloane forsvinn på byrjinga av sommaren sit Emily igjen åleine.

Det einaste Sloane etterlet seg er ei liste med oppgåver Emily må gjennomføre. Å kysse ein framand, nakenbade, eller klemme ein person som heiter Jamie er ting Emily aldri ville gjort utan Sloane.

Dette er ei bok om venskap og sjølvstende. Emily, som alltid har lent seg på besteveninna må plutseleg finne ut kven ho er på eiga hand. På vegen finn ho nye venskap, nytt mot, og kanskje til og med kjærleiken.

Morgan Matson veit korleis ho skal skrive ei lettlest men likevel god sommarbok med karakterar ein lett kjenner seg att i. Om du likar denne er det verdt å sjekke ut dei fire andre romanane forfattaren har gitt ut.

Goodbye Days av Jeff Zentner (Engelsk)

«Kvar er de? Svar meg». Carver sender ei enkel tekstmelding til venen Mars. Det skal vise seg å endre alt. Like etter at meldinga er sendt, døyr Mars, Eli og Blake i ei bilulukke.

Carver skuldar seg sjølv, og han er ikkje åleine. Alle på skulen, inkludert Eli si søster skuldar han. Og far til Mars, som krev etterforsking i saka. Samstundes vil bestemora til Blake at Carver skal vere ein dag med henne der dei deler minner og tankar om barnebarnet hennar, som ein skikkeleg avskjed.
Så ber dei andre foreldra om sine eigne avskjedsdagar, men Carver er usikker på om alle har gode motiv. Kan avskjedsdagane hjelpe dei pårørande finne ro i det som har hendt?

Boka har eit tungt tema, og kan opne for tankar og diskusjonar kring skuld, ansvar og sorg. Her er det ingen enkle resolusjonar, og inga magisk lukkeleg slutt, men definitivt ei god lesaroppleving som sit igjen lenge etterpå.

Les også: Kjærleiksbok full av musikk