Viruskrim, giftmord og historia til verdas fremste neandertal-ekspert

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Unni Eikeseth sine boktips

Den sjette utryddelsen, Elizabeth Kolbert

Eit «varsko her» om kva vi menneske gjer med våre medskapningar på jorda. Men også ein vakker hyllest til skapningar som har blitt eller sannsynlegvis snart vil bli utrydda.

 

 

 


 

Spillover, David Quammen

Ei spennande bok der Quammen tar oss med inn i jungelen og ned i flaggermusgrotter i jakt på verdas skumlaste virus. Skumlare enn krim!

 

 

 

 


 

Keiseren over alle sykdommer, Siddhartha Mukherjee

Kven skulle tru at kreft kan vere så godt lesestoff!? Boka har til og med blitt TV-serie, og vart sendt på NRK tidlegare i år.

 

 

 


 

The poisoners handbook, Deborah Blum

Vanvittige historier om mord og rus frå forbodstida i USA. Og det beste er at heltane er kjemikarar.

 

 

 

 


 

 

Neanderthal man, Svante Pääbo

Dette må vere den beste forskar-sjølvbiografien eg har lese. Pääbo er ikkje berre verdas leiande forskar på neandertalar-DNA, han er også ein drivande god forteljar.

 

God lesing!

 

 

 

LES OGSÅ: Alle burde lese 12 bøker om homoar

Faktaboks

I vår gav Unni Eikeseth ut boka Norske forskingsbragder, om vitskaplege oppdagingar gjennom 150 år.

Ho er kjemilektor ved NTNU,og har tidlegare arbeidd som vitskapsjournalist i NRK.