Statsbudsjettet: Skeive får nesten dobla støtte neste år
Skeive organisasjonar får 15 millionar meir på statsbudsjettet for 2023. Pengane skal sikra betre levekår og oppfølging etter Oslo-skytinga.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Støtta til skeive organisasjonar blir nesten dobla i statsbudsjettet for 2023, opplyser kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap).
Auken er foreslått å vere på 15 millionar kroner, noko som er nær ei dobling frå 2022, skriv NRK.
– Alle i Noreg skal få vere seg sjølv og leve frie og trygge liv. Derfor prioriterer vi no eit kraftig løft i støtta til dei skeive organisasjonane, seier Trettebergstuen.
Pengane til organisasjonane skal bidra til å betre levekår og livskvalitet, mellom anna til oppfølging etter angrepet 25. juni.
To personar vart drepne då ein mann skaut mot to utestader i Oslo sentrum, blant dei London Pub, som er ein populær utestad blant skeive.
Inge Alexander Gjestvang, leiar i FRI (Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfald), gler seg over auken.
– Det er mykje som blir drifta på frivillig innsats, og det er vi som har moglegheit til å gjere eit viktig stykke arbeid. Derfor er det veldig herleg å sjå at regjeringa no satsar på og styrkjer den såkalla LHBT-potten, seier Gjestvang itil NRK.
Les også: Unge skeive får høyra at dei «fortente det» i etterkant av masseskytinga i Oslo