Regjeringa vil at utanlandsstudentar skal betala for studium i Noreg

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ved studiestart i fjor haust rekna ein at det var omkring 12 500 heilgradsstudentar og rundt 8500 utvekslingsstudentar frå utlandet ved norske universitet og høgskular.

Torsdag 29. september kunne NRK melde at regjeringa, ifølgje deira kjelder, vil legga opp til at utanlandsstudentar sjølv må betala for studia sine i Noreg. 

Informasjonen om studieavgifta skal kome frå forslaget til statsbudsjett for neste år, som vert offentleggjort torsdag 6. oktober, neste veke.

NSO-leiar Maika Marie Godal Dam (Foto: NSO/ Skjalg Bøhmer Vold )

NSO: – Statsministeren må forklara løftebrot

– Viss kjeldene til NRK har rett, er dette svært alvorleg. Å innføra skulepengar for internasjonale studentar rokkar ved det fundamentale prinsippet om at utdanning i Noreg skal vera gratis for alle, seier leiar i Norsk studentorganisasjon, Maika Marie Godal Dam i ei pressemelding.

NSO skriv at dei er sjokkerte over løftebrotet frå regjeringa. Dei siktar til at det i Hurdalsplattforma, styringsdokumentet til regjeringa, står at «Høgare utdanning i Noreg skal vera gratis, òg for internasjonale studentar», og kommenterer at både Senterpartiet og Arbeidarpartiet i sine partiprogram er tydelege på at dei vil halda på gratisprinsippet.

– Dersom rykta stemmer forventar NSO at statsministeren forklarar korleis regjeringa kan stå inne for å bryta eigne løfte, seier Godal Dam i pressemeldinga

Også Synne Lerhol, medlem av Oslo senterparti tek til motmæle mot Borten Moe på Twitter, og minner om partiprogrammet:

Abid Raja: – Stenger døra til verda

Venstre sin utdanningspolitiske talsperson Abid Q. Raja. Foto: Ilja C. Hendel/Kulturdepartementet

NSO er også uroa for om forslaget kan få fleire konsekvensar, og meiner at økonomiske føresetnadar ikkje skal avgjera om ein kan ta høgare utdanning, eller ikkje.

– Me fryktar at dette opnar for å innføra betaling for fleire studentgrupper. Det er ingen garanti for at snøballen sluttar å rulle, seier Godal Dam.

Også Venstres utdanningspolitiske talsperson Abid Raja er sterkt kritisk til det rykta forslaget, og seier til NRK:

– Med regjeringa sitt forslag vil vi berre få dei rikaste, ikkje dei dyktigaste internasjonale studentane. Ola Borten Moe stenger døra til verda.

Unntak for EU?

Det er usikkert korleis forslaget vil fungera i praksis, og kven som eventuelt vil få unntak. I både Sverige og Danmark har dei system med studieavgift for internasjonale studentar, men med unntak for studentar frå EU og EØS-området, og studentar på utvekslingsprogram eller dei som har permanent opphaldsløyve.

Allereie i 2014 prøvde Høgre og Framstegspartiet å innføra studieavgift for studentar frå land utanfor EU og EØS, men forslaget vart stansa av KrF og Venstre.

I 2017 skreiv Ola Borten Moe (Sp) sjølv eit meiningsinnlegg der det stod: «Det er på tide å innføre skolepenger for utenlandske studenter i Norge». Borten Moe er i dag forskings- og høgare utdanningsminister i regjeringa til Jonas Gahr Støre (Ap).

SAIH: Må beskytte gratisprinsippet

Også SAIH, Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond, støttar NSO sitt synspunkt.

– Me i SAIH veit at mange studentar i utlandet, og fleire av partnarane våre, kjempar mot skulepengar i sine land fordi det har vist seg at skulepengar er ein pådrivar for større ulikskap i samfunnet, seier Hector Ulloa i ein e-post til framtida.no

Han er leiar i SAIH og meiner at Noreg, med sitt gratisprinsipp, er eit unikt døme på korleis ein kan bruke utdanning for å bekjempe ulikskap og sikre ei betre framtid for alle, uavhengig av kor ein kjem frå.

Hector Ulloa, leiar i SAIH.

– Dette står i fare viss me byrjar å dele studentar i ulike grupper og avgrense kven som skal inn i universiteta basert på betalingskapasitet.

Han meiner også at gratisprinsippet kjem alle til gode fordi det fører til eit meir mangfaldig akademia.

– Me må beskytte dette og håpe at regjeringa ikkje går imot sine eigne partiprogram.

Saka vart oppdatert fredag 30.09.22, kl. 12.21 med kommentar frå SAIH.

Liva Barona har også fått seg ein romkamerat i vanen, den vesle kvalpen Lū.
Foto: Bente Kjøllesdal