Statsbudsjettet: Regjeringa vil bruka 316,8 milliardar oljekroner

Regjeringa vil bruka 316,8 milliardar oljekroner i 2023. Det er ein nedgang på 18,3 milliardar kroner frå 2022.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Klokka 08.00 la regjeringa fram nøkkeltala frå årets statsbudsjett.

Forslaget til statsbudsjett for 2023 legg opp til å bruka 316,8 milliardar oljekroner. Det er ein nedgang på 18,3 milliardar kroner.

Oljepengebruken utgjer 2,5 prosent av Statens pensjonsfond utland (SPU). Det er innanfor handlingsregelen, som seier at regjeringa ikkje kan bruka meir enn 3 prosent av SPU.

Støre: – Tøffe tak

Statsminister Jonas Gahr Støre har varsla tøffe tak i budsjettet før lanseringa.

– Eg har vore med i regjering og Stortinget i 20 år. Og det er ikkje teke tøffare tak enn vi må gjera no, sa Støre til NTB denne veka.

Skjønar du ikkje heilt greia med statsbudsjettet? Her er det kort forklart:

Vedum og Støre må bli einige om sin versjon av statsbudsjettet før dei kan forhandle med andre parti. Foto Støre og Vedum: Ole Berg-Rusten / NTB, illustrasjonar Canva, kollasj Framtida.no