Yrket mitt: Kaj (25) eig åtte matbuer og ein restaurant
Du må ha sosiale antenner for å kunne selje bakt potet, meiner Kaj Hereid Myklatun, mannen bak matsuksessen «Pota Madre».
– Det gjekk langt over forventning etter første dagen, skriv Kaj Hereid Myklatun på e-post til Framtida.no.
Myklatun slutta som bar-manager i Bergen 1. september i 2024. Berre ein månad seinare, 6. oktober, opna han matvogna «Pota Madre», som serverer bakt potet. I dag har han åtte matbuer forskjellige stader i landet.
– Eg har hatt lyst å starte som entreprenør sidan eg var liten, helst innan biologi, men det vart mat- og serveringsbransjen. Det er på grunn av at eg har mest fysisk erfaring her, and I know the game.
Kaj Hereid Myklatun
Alder: 25 år
Frå: Eidfjord, Hardanger
Yrke: Grunnleggjar og dagleg leiar av Pota Madre og Knaus restaurant og bar.
Utdanning: Bachelor i biologi
Lettare med matvogn
Myklatun starta opp Knaus restaurant og bar med mora si i 2022 i Eidfjord, der han er frå, men han hoppa av etter to år, og flytta vidare. Planen var å starte restaurant i Bergen, men det vart heller bakt potet på hjul.
– Det var enklare og kortare dørstokkmil med matvogn, og eit meir realistisk første steg.
Han fekk ei brakopning i Odda, der «Pota Madre» selde ut første dagen.
– Eg har alltid vore pessimistisk og tenkt «worst case scenario» når eg planlegg ting.
Det vart ikkje naudsynt med «Pota Madre». No går mykje av arbeidsdagane hans med til å ha møte med managerar og driftssjefar, telefonar med leverandørar og andre møte. Han brukar tid på å få oversikt over økonomien, besøke designarar, montere maskinar, og setje i gang med nye ting.
Utdanninga er litt med
Bacheloren i biologi blir ikkje brukt veldig i kvardagen.
– Utanom meir rasjonell og objektiv tenking.
Han tenker spesielt på korleis du kjem fram til gode svar nå du studerer i fellesskap, ved å hive ut idear, prøve dei ut og falsifisere dei, til du kjem fram til betre idear og ein fasit.
Å prøve ut ideane sine gjennom den faktiske marknaden, er noko av det beste ved jobben.
– Og sjå korleis kundar og publikum tek det, og så tilpasse det deretter. Du får gjort kva du vil, testa alt mogleg, og jobba med folk du likar i prosessen.
Det mest utfordrande er å halde orden i sysakene, vere oversiktleg og ryddig. Både økonomien og rutinane må vere på plass.
Viktig å vere sosial
Han trur folk flest ikkje forstår kor mykje små detaljar har å seie for ein slik jobb.
– Og kva meirarbeid det potensielt gjer. Ting som høyrest enkelt ut og blir bagatellisert, er eigentleg kjempeviktig og tidkrevjande.
I alle fall når han må ha kontroll på så mange matbuer. Myklatun meiner yrket passar best for dei med god arbeidskapasitet.
– Folk som toler stress, usikkerheit og risiko og er flinke med folk. Eg kan ikkje leggje nok trykk på kor viktig det er å kunne ha med folk å gjere. Både sosiale antenner for kven du skal arbeide med og lage avtalar med, og korleis du skal oppføre deg med andre.
– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?
– All hjelpa og støtta eg har fått frå vennar, kjenningar og familie.
– Kva draumar har du for framtida?
– Setje i gang og setje i verk ting som gjer livet til folk enklare og meir behageleg i stor skala. Pluss å dele humor på vegen.









