Dagen før statsbudsjettet vert lagt fram har VG møtt kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) på Hadeland videregående skole, der ho legg fram gladsaka.
I statsbudsjettet for neste år har regjeringa sett av over 100 millionar ekstra til stipend for elevar i den vidaregåande skulen. Pengane er fordelt slik:
- 57,3 millionar kroner auke til bortebuarstipend
- 50,1 millionar kroner auke til utstyrsstipend
I dag får kring 25.000 elevar eit bortebuarstipend på 4979 kroner i månaden. Regjeringa vil auke stipendet til 5639 kroner i månaden i skuleåret 2023/2024.
Aukar utstyrsstipendet
Regjeringa vil òg auke satsane for utstyrsstipend. I dag er det fire satsar etter kor store utgifter yrkesfaglege elevar har.
Frå og med 2023/2024 vil kvar sats auke, i tillegg til at det kjem ein femte sats.
AUF vil at skulen skal vera gratis
Ungdomspartia AUF og Senterungdommen har kjempa for høgare stipend i den vidaregåande skulen.
AUF-leiar Astrid Hoem er nøgd med auken, men skulle gjerne hatt meir.
– Vårt mål er at skulen skal vera gratis, og at det å kjøpa skuleutstyr ikkje skal kosta deg noko privat. Dette er ein viktig start, men det er ein veg å gå før det er fullfinansiert, seier ho til VG.

I 2019 utarbeidde Rambøll ein rapport over elevane sine utstyrsutgifter på oppdrag frå Lånekassen og Utdanningsdirektoratet.
Elevar på idrettsfag brukte i snitt 16 473 kroner på utstyr, medan naturbruk brukte 7 854 kroner.
Også leiar i Elevorganisasjonen Aslak Berntsen Husby håpar satsinga er eit steg mot fullfinansiering av utstyrsstipendet. Han meiner tiltaket vil jamna ut sosiale forskjellar.
– Dette kjem til å gjera skulen, spesielt yrkesfag, meir tilgjengeleg, seier han til VG.
Les også: Elevorganisasjonen: – Møkk lei av å vente på at skulen skal verta gratis
