Lærarstreiken: «Dette går heilt klart ut over elevar sin psyke og sosiale liv»

Jonas Bratland
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine haldningar. 

Først kom koronapandemien, som var eit sosialt åtak på både unge og vaksne. I denne perioden opplevde vi elevar kor viktig skulen var som ein sosial arena og møteplass. Dette er ting ein tek for gitt i ein «vanleg» skulegang og som vi burde sette meir pris på.

Dette er vanskeleg når det stadig kjem utfordringar som koronapandemi, og no lærarstreik.

No som lærarstreiken stadig blir trappa opp, opplever mange elevar nok ein gong ein svært amputert og uføreseieleg skulegang. Dette går heilt klart ut over den mentale helsa og det sosiale livet vårt.

Vi elevar har full forståing for kvifor lærarstreiken går som han går

Dei verkelege offera er elevane

Vi elevar har full forståing for kvifor lærarstreiken går som han går, for læraryrket er sagt å vera eit av dei viktigaste yrka i samfunnet. Men det har til no ikkje blitt sett nok fokus på nokre av dei verkelege offera for denne streiken, nemleg oss elevane.

Det er blitt ei stor skeivfordeling blant forskjellige elevar sin timeplan. Nokre har heilt normale skuledagar 5 dagar i veka, andre har ingen skule i det heile tatt, medan andre av oss har ein mellomting.

Sjølv har eg berre éin normal dag i veka, medan dei resterande dagane er 0 timar på det minste og 3 på det meste. Dette går heilt klart ut over elevar sin psyke og sosiale liv.

For mange er skulen den einaste sosiale arenaen i livet deira og dei treng verkeleg ein plass dei kan møte vener og menneske generelt.

No kan eg ikkje snakke for andre skular, men her på Amalie Skram er dei veldig engasjerte i at elevar skal møte opp på skulen sjølv om timen deira går ut. Dette er til stor hjelp for elevar som har mange utgåtte fag og elevar som jobbar betre saman med andre.

Stressar allereie med eksamen

Den store uvissa i skulegangen dei siste vekene har vore med på å auke stress hos elevane. Det å jobbe med skule er vanskelegare når det ikkje er nokon konsekvensar av å ikkje gjere det.

Det å jobbe med skule er vanskelegare når det ikkje er nokon konsekvensar av å ikkje gjere det.

Ein føler at skulearbeidet hopar seg opp i ein stor haug, men veit ikkje heilt klart kva ein går glipp av. Denne følelsen av å ikkje vite samlar seg opp og ein sit igjen med masse tankar vi eigentleg ikkje kan gjere noko med.

Mange byrjar allereie å stresse meir rundt eksamen enn dei hadde gjort i eit vanleg skuleår. Når vi har såpass redusert skulegang som no, har vi allereie gått glipp av mykje av pensum. Ved ein eksamen i dette temaet blir det ekstra vanskeleg å lære seg stoffet.

Sjølv om det er mykje negativ kritikk, finst det også gode sider ved streiken. Ein får meir tid til å fokusere på faga som ikkje går ut, noko som kjem godt med viss faget er eit av dei tyngre faga.

Mange vidaregåandeskule-elevar som har jobb på sida, har også eit høve til å jobbe meir, sidan skuledagen ikkje er normal. Det er alltid fint å ha litt pengar å rutte med.


Har du noko på hjartet? Send innlegg eller tips til tips(a) framtida.no!


Foto: privat, illustrasjon Canva