Regjeringa stansar lærarstreiken med tvungen lønnsnemnd
Lærarstreiken blir avslutta etter at regjeringa grip inn med tvungen lønnsnemnd. Det betyr at lærarane skal tilbake på jobb så fort som mogleg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Arbeidsminister Marte Mjøs Persen (Ap) kalla partane inn tysdag kveld. Etter eit kort møte vart det stadfesta at regjeringa grip inn.
Lærarane har streika sidan byrjinga av juni, men uttaket tok seg opp rundt skulestart i august. Konflikten mellom dei tre lærarorganisasjonen Utdanningsforbundet, Norsk Lektorlag og Skolenes landsforbund og motparten kommuneorganisasjonen KS har verka heilt fastlåst.
Rundt 8.500 medlemmer var i streik då regjeringa greip inn.
- Les også: Lærarstreiken: Dette er krava
Uroa for sårbare elevar etter pandemi
Uroa rundt korleis streiken ramma elevar, har auka i styrke dei siste vekene. Mange elevar har ikkje hatt ordinær undervisning etter sommarferien. Mange har også vore bekymra over situasjonen til sårbare elevar, spesielt i etterkant av to år med pandemi.
Barneombodet har skrive brev til regjeringa, og det same har Foreldreutvalet for grunnskulen. Statsforvaltaren i Troms og Finnmark melde inn eit varsku tysdag, mellom anna fordi elevar stod utan tilbod om spesialundervisning.
Fastlåst mellom partane
Regjeringa har understreka at det har vore ansvaret til partane å finne fram til ei løysing. Seinast fredag kalla kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) inn lærarorganisasjonane og KS for å be om at det vart gjort nye forsøk på å semjast.
Partane møttest til samtalar hos riksmeklar Mats Ruland både laurdag og søndag, utan at det lykkast å finne fram til ei løysing.
- Les også: Lærarstreik: Helsedirektoratet skal finne ut om elevar sin bruk av helsetenester har endra seg
Lærarane skal tilbake så fort som mogleg
Arbeidsgivarsida i lærarstreiken, KS, seier dei er glade for at streiken no blir avslutta etter at regjeringa vedtok å foreslå tvungen lønnsnemnd.
– Det er svært synd at partane ikkje klarte å bli samde om ei løysing og at det må tvungen lønnsnemnd til. Men vi er svært glade for at 150.000 barn og unge som er ramma av streiken, no kan komme tilbake på skulen, seier KS’ arbeidslivsdirektør Tor Arne Gangsø.
Regjeringa ved arbeidsminister Marte Mjøs Persen (Ap) foreslo tysdag kveld tvungen lønnsnemnd for å avslutte lærarstreiken. Streiken har gått føre seg sidan juni. At tvungen lønnsnemnd blir foreslått, betyr at lærarane skal tilbake på jobb så fort som mogleg, truleg allereie onsdag morgon.
– No må partane sjå framover og byggje opp gjensidig tillit. Vi må finne ut korleis vi kan samarbeide betre med kvarandre, og med politiske styresmakter, om å utvikle skulen slik at han blir best mogleg, seier Gangsø.
Utdanningsforbundet: – Mørk dag
Utdanningsforbundet-leiar Steffen Handal er skuffa og seier det er sterkt beklageleg at regjeringa no grip inn i lærarstreiken med tvungen lønnsnemnd.
– Det er ein mørk dag. KS har vunne fram, og skulen tapte, sa Handal til pressa etter at det tysdag kveld vart kjend at regjeringa grip inn i lærarstreiken.
– Det er sterkt beklageleg at regjeringa har valt å gripe inn med tvungen lønnsnemnd. Dei tek no på seg eit stort ansvar for det som har vore grunnlaget for konflikten, la han til.
Handal har fleire gonger sagt at Utdanningsforbundet har opplevd KS som tilbakelente gjennom heile streiken og har tidlegare skulda dei for å styre mot tvungen lønnsnemnd.
– Dei har vilja alt anna enn å sitje ved forhandlingsbordet med lærarane. Dei har brukt konflikten til å snakke ned lærarkompetansen.
Les også: Kristian (17) har berre seks skuletimar denne veka