Cuba opnar for likekjønna ekteskap

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Måndag stemte nesten 70 prosent av cubanarar for ei ny familielov i landet. Ho tillet mellom anna at likekjønna par gifter seg og adopterer barn saman. 

– Rettferda sigrar. Frå i dag av, vil vi vere ein betre nasjon.

Det skreiv president Miguel Diaz-Canel på Twitter då utfallet av folkeavstemminga var klart.

Det melder nyheitsbyrået AP News.

Har møtt motstand

I tillegg til å anerkjenne likekjønna ekteskap, løftar lovpakken fram likestilling og lik fordeling av ansvar blant menn og kvinner i heimen.

I forkant møtte reforma motstand, særleg frå den veksande evangeliske rørsla i landet. Regjeringa har halde tusenvis av informasjonsmøte og omfattande mediekampanjar for å få gjennomslag.

33 prosent av folket stemte nei, noko som skal vere ein relativt høg andel i det kommunistisk styrte landet. Tidlegare har forslag støtta av regjeringa fått nærare full støtte frå folket, ifølgje Reuters.


Jane-Victorius Bonsaksen (Foto: Ingvild Eide Leirfall), Markus Farstad Andersen, Kajsa Elvestad Andersen, Stian Antonsen, Ine Harsten, Marianne Støle-Nilsen, Maja Brannstorph (foto: @firecroft) og Finn Schjøll (foto: Eivind Senneset/TV2).