Braksiger for høgrepopulistar i Italia

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sundag røysta italienarane over ei ny nasjonalforsamling. Sjølv om røystene ikkje er talde ferdig, blir den nye statsministeren truleg Giorgia Meloni frå ytre-høgre partiet Brør av Italia (Fratelli d’Italia).

Partiet ser ut til å få 26 prosent av italienske røyster. I 2018 fekk dei berre 4 prosent.

Det gjer dei til det største partiet i Italia.

Samarbeid

Partiet samarbeider med to andre partia på høgresida, Ligaen (Lega) og Framåt, Italia (Forza Italia). Saman får dei over 40 prosent av røystene.

Sjølv om høgresida ikkje har fleirtal i prosent, får dei fleirtal i nasjonalforsamlinga fordi kva parti som samarbeider er fastslått før sjølve valet. Difor er det koalisjonen på høgresida som får flest representantar.

– Italienarar har kome med ein klar bodskap om at dei ynskjer ei høgreregjering leia av Brør av Italia, sa Meloni natt til måndag, ifølgje NTB.

Partiet hennar vart oppretta i 2012, har nyfascistiske røter og blir sett på som arvtakar etter Benito Mussolini sitt parti. Sjølv tek Meloni avstand frå dette. Likevel er ho motstandar av skeive rettar og vil at marinen skal vise vekk migrantar.

Rekordlåg deltaking

Sjølv om nokre parti går stort fram i valet, kan ein ikkje seie det same om valdeltakinga.

Berre 64 prosent av dei som kunne stemme på sundag, gjorde det.

Det er den lågaste deltakinga nokosinne, og ein enorm nedgang samanlikna med valet i 2018 der 73 prosent røysta.


  • Kvinner står i front for Europeisk høgrepopulisme: – Kan vere strategisk, meiner forskar

    Giorgia Meloni, leiar av det ytterleggåande høgrepartiet «Brør av Italia» under ei TV-sending om det italienske lokalvalet i 2020, der partiet gjorde det historisk godt. Meloni sitt parti ligg no an til å kunne bli største parti i Italia. (Roberto Monaldo/LaPresse via AP)