Lærar om streiken: – Eg erklærer med dette «quiet quitting»

Ungdomsskulelærar (34) frå Oslo
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Oslo har ikkje streika, men i solidaritet med KS-plaga skular erklærer eg med dette «quiet quitting».

Leksehjelp? Niks. Ekstrakurs i engelsk etter skulen? Absolutely not. Utforme og gjennomføre feite opplegg? Njet, det blir lærebokopplegg heretter. Sosial kveld for klassen? Drøym a’.

Dukke opp på skulefrukost for å bygge relasjonar med elevane? Skjer ikkje. Utflukter? Absolutt ikkje. Trøyste elevar som græt? Berre dersom eg har inspeksjon eller faktisk undervising når det skjer. Bruke friminuttet på å heie på klassen min i fotballturneringa? Nope!

Delta aktivt og entusiastisk i pedagogisk utviklingsarbeid? Nej. Dele opplegg gratis med andre lærarar så fleire kan drive med spanande undervising? Lol, nei. Bruke timevis av eiga tid for å lære meg dei nye iPad-relaterte verktøya til god undervising? Fuck right off.

Dei fleste lærarar, meg sjølv inkludert, gjer desse tinga fordi det hjelper andre, fordi det følest rett, fordi det er forventa av oss, fordi vi blir pålagt det. Men vi får verken tid sett av i arbeidsdagen eller løn for dette «usynlege» meirarbeidet.

Usynleg for dei som bestemmer løna vår tydelegvis. Ikkje usynleg for den nyutdanna kollegaen som er på gråten over stresset og får eit lite pusterom når du går inn for dei med eit ferdig opplegg. Ikkje usynleg for eleven som veit at du bryr deg og difor gidd å prøve i det heile tatt.

Vi som profesjon kan ikkje la dette gå

KS kan sitte der og glise over si tvungne lønnsnemnd. Vi som profesjon kan ikkje la dette gå. Her har ein to val: å slutte i yrket eller å prøve andre verkemiddel. Korleis ser skule-Noreg ut etter eit par år der samtlege lærarar gjer eit absolutt minimum? Let’s find out.

Gå heim det sekundet den bundne tida er over. Dra bort så du ikkje kan vere med på turar med elevane. Bruk kvar einaste eigenmeldingsdag; hugs at psykisk helse også er helse.

Når leiinga ber om frivillige til det eine eller andre, stirr inn i kamera som på The Office og ikkje sei noko.

Ikkje snakk med elevane om noko utanom skule viss det går utover tida du har per veke til kontaktlærararbeid. Logg alle avvik i arbeidsmiljøet, frå vald og truslar til feil innetemperatur. Forlat møte på sekundet dei skulle ha slutta. Bruk aldri ei einaste krone på noko jobbrelatert.

Det eg skildrar no er det verste eg kan tenke meg å vere sjølv: firkanta, rigid, avvisande til folk som treng hjelp, heilt utan kreativt utløp på jobb. Men alternativet er å slutte eller bli utbrent.

Alternativet er å slutte eller bli utbrent

Ifølgje KS skal ein nyutdanna lektor tene 560.000 i året. Javel? Eg, ein lektor med tillegg og 8+ års ansiennitet, bikka først no 600.000 i året. Kva slags lønsutvikling er det? Meir enn seks års universitetsutdanning og nesten 10 års erfaring er altså verd skarve 40.000 meir?

Eg kan tene like godt som «administrativ sekretær» i eit rørfirma – lage kaffi, booke møter og følgje opp epostar – som eg gjer etter å ha lagt sjela mi i å forbetre ungdommar sitt liv i over åtte år. Eg sjekka: stillinga låg ute på Finn i går.

Nei. Eg godtek det ikkje. Anten så tek politikarar seg saman og gjer reelle endringar, eller så blir eg ein lærar som står til løna og arbeidskåra mine. Og tru meg, det held ikkje i dagens skule.


  • Har du noko på hjarte? Send oss eit meiningsinnlegg på tips(a)framtida.no

Les også: Lærarstreiken: «Dette går heilt klart ut over elevar sin psyke oLærarstreiken: «Dette går heilt klart ut over elevar sin psyke og sosiale liv»g sosiale liv»

Jonas Bratland, formidlingsansvarlig i elevrådsstyret på Amalie Skram VGS. Foto. Privat/Løken /wikimedia