Åshild Slåen
Publisert
Oppdatert 25.11.2022 09:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva har skjedd?

Tysdag 27. september byrja Nord Stream 1 og Nord Stream 2 å leke.

Dette er rør som fraktar store mengder gass frå Russland til Tyskland gjennom Østersjøen.

Røra går parallelt, men ifølgje NPK lek Nord Stream 1 ut ved Simrishamn i Sverige. Nord Stream 2 lek ut søraust for Bornholm i Danmark.

Kva veit vi?

Størrelsen på lekkasjane gjer det sannsynleg at det er sabotasje, og ikkje eit uhell. Det har fleire sagt, blant anna den svenske statsministeren, den danske statsministeren, USA sin tryggingsrådgjevar og russiske styremakter.

Dei kan seie dette fordi målestasjonane i områda til lekkasjane har registrert eksplosjonar. Resultatet er store hol som vil ta fleire dagar å tette.

mette Freeriksen, Vladimir Putin, Magdalena Anderson som seier det er sabotasje

Kollasj av framtida. Foto: Statsministeriet, Kreml, Kristian Pohl/Regeringskansliet

Kva veit vi ikkje?

Vi veit ikkje kven som står bak gasslekkasjane i Østersjøen eller kva motiv dei har.

Leveransane av gass gjennom Østersjøen vart spesielt viktige etter Russland invaderte Ukraina, der ein del av dei andre gassrøra går gjennom.

Russland har avvist skuldingar om at dei står bak.

Eit potensielt motiv for skadane er å svekke tilgangen resten av Europa har til energi, men ingenting er fastslått enno.

Kvifor er lekkasjane viktige?

Europa har ein energikrise no. Det at store mengder gass går rett ut i sjøen påverkar ikkje berre miljøet.

Lekkasjane kan også ha ein negativ innverknad på forholdet mellom Russland og Europa, som allereie er spent på grunn av krigen i Ukraina.

Dersom det var kjent kven som sto bak lekkasjane, og det skjedde på land, kunne dette ha vore starten på ein ny krig.

Difor var det viktig at Danmark sin statsminister, Mette Frederiksen, tysdag sa at dei ikkje såg på sabotasjen som ei krigshandling, sidan det skjedde i internasjonal farvatn.

Kva har dette å seie for Noreg?

Noreg er ein viktig aktør i det Europeiske energimarknaden. Russland er ein meir usikker gassleverandør no, både på grunn av krigen og på grunn av lekkasjane. Samstundes har vi store olje- og gassressursar som vi sel til andre land.

Difor blir sikringa heva rundt olje- og gassinstallasjonar i Nordsjøen.

Equinor aukar blant anna beredskapen sin.

Statsminister Jonas Gahr Støre har vore i kontakt med forsvarsalliansen Nato om situasjonen. Han seier til NTB at dei ikkje har spurt om hjelp.

– Nei, vi har ikkje sett behov for det. Vi har ikkje informasjon om nokon spesifikk trugsel mot Noreg, la oss understreke det, seier Støre.

Kva skjer no?

Både Sverige og Danmark har sett krisestab for å handtere lekkasjane. Desse kan vare heilt fram til sundag, ifølgje Berlingske.

Det er framleis usikkert kva alle konsekvensane av denne hendinga blir. Det norske politiet styrkar sikringa rund olje- og gassnæringa. Dei følgjer også nøye med på korleis situasjonen utviklar seg, skriv dei i ei pressemelding.

Korleis straumprisane blir påverka, er heller ikkje sikkert. Likevel er det sannsynleg at det blir dyrare, sidan det blir vanskelegare å møte etterspurnaden etter kraft.


Illustrasjonsfoto: Pixabay