Første livstrugande orkan på 100 år

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Oppdatert 29. september med at orkanen har teke minst to liv på Cuba. 

– Dette kjem til å bli ein ekkel, ekkel dag eller to.

Det sa Florida-guvernør Ron DeSantis onsdag morgon, ifølgje The Washington Post.

Florida førebur seg på orkanen «Ian», som er venta å treffe land onsdag kveld. DeSantis har omtala orkanen som «livstrugande».

Det er erklært unntakstilstand i alle fylke i staten, og 2,5 millionar menneske frå Fort Myers til Tampa Bay har blitt bedne om å evakuere.

Nesten kategori 5

Det nasjonale orkansenteret meldte onsdag at «Ian» nærmar seg ein kategori 5-orkan, som er det høgste på skalaen.

Orkanen har maksimal vindstyrke på nesten 250 kilometer i timen, melder avisa. Ein orkan av denne styrken kan føre med seg katastrofale skadar, mellom anna øydelegging av heimar og langvarige straumbrot, som kan gjere at det ikkje er mogleg å bu i området i veker eller månader.

Stormen er venta å minke litt i styrke etter at han har treft land, skriv Reuters.

Det er venta at lågtliggjande område i Tampa kan bli fløymde over. Foto: Photo by Anita Denunzio / Unsplash

Har halde unna i 101 år

Byen Tampa i Florida har ikkje blitt treft av ein orkan sidan 1921, trass i at byen er den mest sårbare for øydeleggingar ved orkanar i USA.

Etter 101 år kan rekkja vere broten, skriv NRK.

Tampa ligg i ei bukt med grunt vatn, og orkanen kan føre til at store område i byen kan bli sette fleire meter under vatn.

Herja på Cuba

Orkanen «Ian» har allereie råka Cuba. Straumnettet der har brote saman, og landet blei tysdag mørklagt som følgje av dei sterke naturkreftene, ifølgje nyheitsbyrået AP.

Det er meldt om minst to omkomne på Cuba. Orkanen, som då var ein kategori 3-orkan, har velta tre, øydelagt bygningar og skapt flaumar.

11 millionar menneske mista straumen etter at orkanen «Ian» trefte Cuba. Her frå Pinar del Rio tysdag 27. september. Foto: AP Photo/Ramon Espinosa

No bevegar orkanen seg vidare mot kysten av USA.

Sterkare på grunn av klimaendringar

Førre veke råka orkanen «Fiona» mellom anna Puerto Rico og Canada, og førte til store øydeleggingar.

Ifølgje klimaforskarar vil klimaendringane gi sterkare orkanar, melder AP. Dagbladet har omtala saka.

«Ian» flyttar seg no over hav som er varma opp meir enn normalt. Sidan 2017 har 30 andre tropiske stormar gjort det same, og alle har blitt sterkare på mindre enn éin dag.

– Det varme vatnet er rakettdrivstoff for uvêret, forklarar orkanforskar ved Colorado State University Phil Klotzbach.

Utslepp frå fossile energikjelder gjer òg at uvêr bevegar seg saktare og fører med seg meir nedbør.


Foto frå storfilmen «Don't Look Up». Cate Blanchett og Tyler Perry speler nyheitsankarar. Leonardo DiCaprio og Jennifer Lawrence speler forskarar og åtvarar om at ein meteor vil treffe og øydelegge jorda. Foto: Cr. Niko Tavernise / Netflix © 2021