Fleire menn tok livet sitt i fjor

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Folkehelseinstituttet har nyleg lagt fram sjølvmordstala for 2021 i Dødsårsaksregisteret. Tala viser at totalt 658 nordmenn tok livet sitt i fjor.

– Dette er ei dårleg nyheit, og langt unna både vår og Regjeringas nullvisjon for sjølvmord i Noreg, seier generalsekretær i Leve – landsforeininga for etterlatne ved sjølvmord, Knut Harald Ulland, til NTB.

Generalsekretær i Leve – landsforeininga for etterlatne ved sjølvmord, Knut Harald Ulland. Foto: LEVE

Det er flest menn som tek sitt eige liv, og det var det også i 2021. Totalt 482 menn døydde i sjølvmord i fjor. Ikkje sidan 1990-talet har talet vore like høgt.

– Gutar og menn må lære å snakke om kjensler

Dei siste fem åra har i gjennomsnitt 644 menneske teke livet sitt årleg. Kvifor tala på sjølvmord held fram med å auke, og ikkje går nedover, meiner Ulland det er vanskeleg å gi eit godt svar på.

– At mange vel å ta livet sitt kjem av kompliserte og samansette faktorar, men vi må setje søkjelyset på menn. Gutar og menn må lære å snakke om kjensler, gjerne frå dei er små, men det er mogleg å lære det også i vaksen alder, seier Ulland.

Ikkje ver redd for å spørje

På verdsbasis er det fleire som døyr som følgje av sjølvmord enn av drap og krig til saman. Den 10. september i år er det Verdsdagen for sjølvmordsførebygging. Dagen i Noreg er retta inn mot gutar og menn.

Ulland meiner vi må gjere meir av det praktiske og førebyggjande arbeidet for å sjå resultat.

Han minner om at du ikkje kan gjere det verre ved å spørje ope om nokon slit med sjølvmordstankar.

– Viss svaret er ja er det viktig å ta det på alvor og lytte med omsorg. Deretter kan du takke for openheita og spørje om det er noko du kan hjelpe med. Det er viktig å kople på anna hjelp, du skal ikkje vere den einaste som veit at andre slit med sjølvmordstankar, seier Ulland.

Regjeringas nullvisjon

I 2020 la Regjeringa fram ein handlingsplan for førebygging av sjølvmord. Med den vart det også innført ein nullvisjon for sjølvmord i Noreg.

Statssekretær Ellen Rønning-Arnesen, seier det er trist og vondt å sjå at tala på sjølvmord aukar. Foto: Esten Borgos, Borgos Foto AS / Helse- og omsorgsdepartementet / NTB

Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Ellen Rønning-Arnesen (Ap) skriv i ein e-post til NTB at det er trist og vondt å sjå at tala på sjølvmord aukar.

– Sjølvmord er eit stort samfunns- og folkehelseproblem, og denne regjeringa er oppteken av å førebyggje sjølvmord. Det er viktig for meg å seie at det finst hjelp for vanskelege tankar, og første steg på vegen til å få hjelp er å fortelje nokon om korleis ein har det, seier Rønning-Arnesen.

Hjelpa må finnast

Ho legg til at det er viktig at hjelpa er tilgjengeleg for dei som treng det, og at Regjeringa er i gang med ein opptrappingsplan for psykisk helse med øyremerkte midlar.

Noko av dette arbeidet skjer i samarbeid med organisasjonen Leve, og statssekretæren seier perspektiva dei kjem med er viktige.

– Mellom anna knytt til å setje i verk fleire tiltak som gjer at fleire menn tør å vere opne om det som er vanskeleg, seier Rønning-Arnesen.

Tiltak på 80-talet

Talet på sjølvmord var høgt på slutten av 80-talet og på 90-talet. Etter dette har talet på årlege sjølvmord flata noko ut.

Johan Siqveland, som er forskar ved Nasjonalt senter for sjølvmordsforsking og – førebygging, trur årsaka til at nedgangen i årlege sjølvmord har stoppa litt opp, har ei naturleg forklaring.

– Vi fekk sett i verk ein del tiltak på 80-og 90-talet som hadde effekt. Dermed blir vegen vidare, for å få tala ytterlegare ned, tyngre å gå, seier han til NTB.

Forskaren trekkjer fram at nye medisinar mot depresjon som kom for sal på 90-talet var mindre giftige enn dei som var brukte før – dermed var det vanskelegare å overdose på dei. I tillegg vart det stramma inn på kor mykje medisinar som vart skrivne ut til pasientar på ein gong, og dessutan at ein del medisinar kom i mindre pakningar.

– Totalt sett fekk vi stramma inn på ein del metodar, fortel han.

Siqveland understrekar at psykiske lidingar ikkje forklarer alle sjølvmord som skjer, men at dei er ein del av biletet.

– Sidan 2000-talet har det heller ikkje skjedd noko banebrytande på behandlingsfronten av psykiske lidingar, dermed er det heller ingen grunn til at tala på sjølvmord skal gå drastisk ned av seg sjølv, seier han. Men legg til at det er viktig at regjeringa følgjer opp løfta i handlingsplanen med konkrete tiltak.

Pandemien gav ikkje sjølvmordsauke

Under pandemien var mange bekymra for at talet på årlege sjølvmord skulle auke drastisk, men det har ikkje skjedd i Noreg.

Talet på årlege sjølvmord har auka litt, men ligg framleis innanfor forventa variasjon, står det i presentasjonen av tala frå Dødsårsaksregisteret.

– Vi såg ein auke i sjølvmord i mange andre land under pandemien, men ikkje her heime. Det er bra, seier Siqveland.

Petter Aaberg (28) og Sverre Kvamme (26) . Foto: Pressefoto/Nattebarn.


Treng du nokon å snakke med?

Hjelpetelefon for mental helse
(heile døgnet) – 116 123
Nettside: Sidetmedord.no.

Kirkens SOS
(heile døgnet) – 22 40 00 40
Chat: www.soschat.no kvar dag frå 18.30-22.30

Angstringen
(man-tor 10 – 13) – 22 22 35 30

Barneombudet
(man – fre 8-15) – 22 99 39 50

Kors på halsen (Røde Kors)
(man – fre 14-22) – 800 331 21

SnakkOmPsyken (Blå Kors)
Chat-teneste for ungdom frå 9-19 år: søndag – fredag kl. 15:00 – 21:00
Nettside: www.snakkompsyken.no

Sjå fleire ressursar her: Hjelpetelefonar og nettstadar – Rådet for psykisk helse og her: Hjelp for barn og unge – Helsenorge