Dobling av depresjon og angst blant unge i Noreg

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Meir enn 150.000 unge kvinner og menn i Noreg har svart på Hunt-undersøkinga om mental helse. Undersøkinga vart gjord frå 1995 til 2019 og viser at talet på unge menneske som slit med mental helse har dobla seg på ti år, skriv NRK.

Jenter slit mest

Resultata viser òg at det er jenter som slit mest.

44 prosent av tenåringsjenter i Noreg seier dei er stressa og har tunge tankar.

– Vi ser ein betydeleg auke i symptom på angst og depresjon. Spesielt hos jenter og unge damer. Ei mykje sterkare negativ utvikling der enn ein finn blant gutane, seier Steinar Krokstad til NRK.

Krokstad er professor i sosialmedisin ved NTNU, og har leidd den nye studien.

Går i feil retning etter 2010

Han seier dei ser at den negative betydninga av sosiale medium har ein effekt. 2010 er nemleg eit heilt tydeleg knekkpunkt i feil retning.

Det var året Ipad og Instagram blei lansert. Året etter kom Snapchat. Frå 2010 til i dag har talet på timar unge brukar stillesitjande framfor ein skjerm auka.

– På denne tida snur den positive helseutviklinga blant unge, og byrjar å bli negativ. Vi har rett og slett bytt ut aktivitetar som fremja god helse med aktivitetar som svekkjer ho, seier Krokstad.

Framtidsuro og prestasjonspress

I tillegg til sosiale medium, peikar forskarane også på to andre faktorar som har bidrege til den negative utviklinga.

Det eine er at unge oppgir at dei er bekymra for framtida. I tillegg kjenner fleire på eit press om å prestere.

– Unge i dag ber med seg mykje uvisse. Det gjeld jobb og økonomi. Dei veks opp i ei tid der vi fram til no har hatt klokkartru på økonomisk vekst. No ser vi at både menneske og naturen vår slit på grunn av dette, seier Krokstad.


Illustrasjonsfoto: Kalen Emsley, Unsplash.com