Slik snakkar du med venene dine om psykisk helse

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

1: Ver ein trygg ven.

– Det er viktig å vise at du bryr deg. Ikkje berre når nokon fortel om problema sine, men også på vanlege dagar. Skriv meldingar, fortel venene dine at du set pris på dei, seier Bjarte Notland Tjensvoll, som står bak initiativet Ung i Psyken.

Han meiner det er viktig å vere trygg på venene sine, og å vite at dei er der for deg.

– Det kan vere så enkelt som å passe på at alle i venegjengen vert inviterte og inkluderte. Og så treng ein ikkje vere så redd for å seie «eg er glad i deg» til venene sine, seier han.

2: Still spørsmål

Direkte spørsmål, som «Korleis har du det?» eller «Er det noko som plagar deg?» kan vere veldig nyttig, meiner Tjensvoll. Men då må ein også vere førebudd på svaret.

– Dei fleste, viss dei får spørsmål, svarar «bra», uansett korleis dei har det. Vi må tore å seie «I dag har eg ein dårleg dag». Men då treng ein ikkje nødvendigvis å byrje å grave, meiner Tjensvoll.

Han meiner det kan vere nok å svare: «Ok, eg er her for deg. Sei frå om du vil snakke.»

– Ein treng ikkje presse nokon til å fortelje. Det treng ikkje vere nokon big deal. Alle har dårlege dagar, seier han.

Men ein har også eit stort ansvar, understrekar han. Dersom venen din opnar opp om til dømes sjølvmordstankar, er det viktig å seie frå til nokon som kan hjelpe.

– Det er ikkje alltid du som ven er i stand til å hjelpe nokon som slit psykisk. Då må du heller oppmode dei til å ta kontakt med andre som kan hjelpe, eller seie frå sjølv, seier han.

3: Gå rundt grauten

Av og til kan det vere ubehageleg å stille, eller å få, inngripande spørsmål. Kanskje kan det vere lettare å snakke rundt det som er vanskeleg.

– Gå litt rundt grauten. Kanskje kan du spørje om livet generelt. Til slutt kan du eventuelt seie: Eg ser at noko plagar deg, fortel om det er noko, seier Tjensvoll.

4: Ikkje snakk nedlatande om andre

Bjarte Tjensvoll oppretta Unge i Psyken for å ta tak i psykisk helse i skulen. Foto: Privat

Kommentarar om andre og ordbruken i venegjengen kan gjere det vanskelegare for ein ven å opne seg, meiner Tjensvoll.

– Viss nokon i venegjengen snakkar nedlatande om andre, kan det ha negativ påverknad. Til dømes kan det gjelde kommentarar om at gutar som deler kjensler eller græt, ikkje er mandige. Då kjennest det ikkje trygt å vere sårbar i venegruppa, seier han.

Tvert imot er det eit teikn på styrke å tore å vise kjensler, slår han fast.

– Når du torer å snakke om ting som plagar deg til venene dine, nokon du stoler på, eller foreldra dine, er det eit teikn på styrke, seier han.

5: Gå ein tur

Om du sjølv har det tøft og treng å snakka med nokon, kan det vere vanskeleg å vite korleis ein skal gå fram og kva ein skal seie. Tjensvoll sitt råd er å invitere ein ven med på ein tur.

– Det er lurare å ta slikt opp ansikt til ansikt enn over snap. Å gå på tur er ein kjempegod måte å få flyt i samtalen på. Du kan byrje med å dele ting, korleis du føler det, kva som plagar deg, og så komme inn på kvifor du har det slik, seier Tjensvoll.

6: Bli kjent

Kanskje legg du merke til at nokon utanfor venegruppa ikkje har det så godt, eller verkar utanfor. Korleis går ein fram for å strekke ut ei hand til nokon du ikkje kjenner så godt?

Tjensvoll sitt beste tips er å inkludere dei.

– Vi har alle eit stort ansvar for å vere medmenneske. Viss du ser at nokon ikkje har det så bra, må du ikkje nødvendigvis spørje dei der og då om korleis det går. Men ser du at dei er einsame i friminuttet, kan du ta ansvar og inkludere dei. Om du ikkje kjenner dei så godt, kan du starte samtalen, bli kjent, stille spørsmål og inkludere dei i venegjengen, rår han.


«Slagkraft» er eit tilbod for ungdom og unge vaksne menn for å betre den mentale helsa. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg