Tja til EU – Dette meiner ungdomspolitikarane om europeisk samarbeid
Vi har spurt ungdomspolitikarane om ei av dei mest splittande sakene i norsk politikk.

Denne saka er ein del av valprosjektet «Summer of ’25», som er støtta av Fritt Ord.
Sjølvråderett eller tryggleik? Samarbeid om klima eller makt over eigne ressursar?
Argumenta for og mot medlemskap av EU er mange og varierte. Spørsmålet har vorte ekstra aktuelt opp mot årets valkamp i ei elles uroleg verd, med Trump som president i USA og krig i Ukraina.
Men kva meiner ungdomspolitikarane? Framtida.no har i sommar gjesta sommarleirane til ungdomspartia, og då nytta vi sjansen til å spørje.
Ein plass ved bordet
Unge Venstre-medlemmene vi snakkar med, er kanskje dei mest entusiastiske på jasida. Båe to har Ja til EU som hjartesak. Ungdomspartiet ønsker, nett som moderpartiet Venstre, at Noreg skal verte fullverdig medlem av EU.
Maktubalanse
På den andre sida er Senterungdommen entusiastiske i sin motstand mot å flytte makt til Brussel. Senterungdommen og Sp ønsker å erstatte EØS-avtalen med handelsavtalar med EU, og dessutan melde Noreg ut av Schengen-samarbeidet.
«Rasistiske»
Også Sosialistisk Ungdom meiner Noreg bør halde seg langt unna EU. SU vil også melde Noreg ut av EØS-avtalen og teikne nye handelsavtalar med land i og utanfor Europa. Særleg flyktningpolitikken er problematisk for nokre:
Klimasamarbeid
Grøn Ungdom-medlemmene vi snakkar med, meiner på si side at EU er viktig for å kjempe mot klimakrisa. Grøn Ungdom meiner Noreg bør søke medlemskap i unionen, og at det er på tide med ei ny folkeavstemming. Moderpartiet MDG er også positive til medlemskap, men vil vente med å ta endeleg stilling til ein veit korleis ein framforhandla avtale ser ut.
Ueinig
AUF har ikkje offisiell politikk på EU-spørsmålet, og det viser seg når AUF-arane vi snakkar med er ueinige både med kvarandre og seg sjølve. Heller ikkje moderpartiet Ap seier tydeleg ja eller nei til EU i partiprogrammet, men dei ønsker å utvide samarbeidet med EU.
Spør folket
Unge Høgre er positive, men meiner først og fremst at Noreg bør ha ei ny folkerøysting. Moderpartiet Høgre meiner Noreg er best tent med fullt EU-medlemskap. Dei vil ha ei ny folkeavstemming når det har vore fleirtal for medlemskap over tid, og vil unngå eit nytt «Nei».
– Norsk kultur
Heller ikkje Framstegspartiets Ungdom vil overlate makta over norsk politikk til Brussel. Partiet er positive til EØS-avtalen, men er motstandarar av EU-medlemskap. Det same meiner moderpartiet Framstegspartiet.
Større fridom
Raud Ungdom kjempar imot norsk EU-medlemskap og vil erstatte EØS-avtalen med ein «vanleg» handelsavtale som ikkje gir EU politisk kontroll over Noreg. Det same vil dei vaksne raude.
Vil behalde dagens avtale
KrFU har ikkje eigen sommarleir, og Framtida.no har difor ikkje hatt høve til å stille spørsmålet til KrFU-medlemmane. KrFU oppgir på nettsidene sine at dei vil behalde EØS-avtalen som ein gunstig avtale for Noreg. Likeins vil KrF behalde dagens avtale.