The Handmaid’s Tale-forfattar, WHO-sjef og stjerneforskar bidreg i Greta si nye bok

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Til hausten gjev Greta Thunberg ut ei handbok for korleis ein skal takle dei økologiske krisene i verda.

The Climate Book skal ha som mål å syne korleis trugslar mot klima, miljø, berekraft og urfolk heng saman.

– Håpet mitt er at denne boka kan vere eit slags oppslagsverk for å forstå desse ulike, nært samanvevde krisene, sa Thunberg då boknyheita vart kjend.

Det melder nyheitsbyrået AP News, som først omtalte saka.

Over 100 bidragsytarar

Over 100 forskarar, akademikarar, aktivistar og forfattarar har bidrege til boka.

Blant dei mest kjende namna er generaldirektør i Verdas Helseorganisasjon Tedros Adhanom Ghebreyesus, journalist og forfattar Naomi Klein, økonom Thomas Piketty og forfattar Margaret Atwood. Sistnemnde er mest kjend for å ha skrive den dystopiske suksessromanen The Handmaid’s Tale.

Greta Thunberg løftar òg stemmene til andre aktivistar i den komande boka, mellom andre den filippinske klimaaktivisten Mitzi Jonelle Tan.

– Vi fortel folk som ikkje er aktivistar endå, at dei ikkje bør vere redde for å heve stemma si, fordi vi er mange og saman er vi sterke, fortel Mitzi Jonelle Tan. Foto: AC Dimatatac

Tan var blant arrangørane då unge aktivistar skipa sitt eige klimatoppmøte, og har tidlegare fortalt Framtida.no om korleis det er å vere klimaaktivist i eit land der det kan føre til at ho vert stempla som terrorist.

Ho skildra panikken mora hennar opplevde om dottera ikkje svara på meldingar med ein gong, og sorga om nokon ho kjende vart drepen for å vere miljøvernar:

– Den konstante frykta og uroa for at ein gong, ein dag, så bankar nokon på di dør og tek deg med vekk utan at du veit kvifor, sa Tan til Framtida.no i fjor.

Vil endre klimasamtala

Ifølgje Chloe Currens, redaktør hjå forlaget Penguin Press, er The Climate Book ei unik bok med ei moralsk vilje, som «har som mål å endre klimasamtala for alltid».

Sidan Greta Thunberg for første gong droppa skulen i august 2018 for å krevje klimahandling frå den svenske regjeringa, har ho skapt enorm merksemd verda over.

Det har vorte laga dokumentarfilm om den svenske 19-åringen, ho har vorte kåra til årets person av TIME Magazine som yngste person nokosinne, vorte hylla med sitt eige frimerke og både ei bille og ein frosk har fått namn etter ho.


Les oppsummeringa av den nyaste rapporten frå FNs klimapanel: – Det skjer mykje, men det går for sakte

Kollasj av Framtida.no. Bakgrunn: Mika Baumeister/Unsplash, skjermdump av 3. delrapport frå IPPC